NRK Meny
Normal

Slaktar nivået på årets ESC-finalistar

Melodi Grand Prix-ekspert Inge Solmo (39) er ikkje imponert over årets finalistar. – Når fanfaren er det beste musikalske innslaget, seier det litt.

Inge Solmo

MGP-ekspert Inge Solmo meiner at postkorta mellom låtane er høgdepunktet i årets finale.

Foto: Hege Bakken Riise / NRK

– Når postkorta er høgdepunkta på ei sending då synest eg det er litt ute og køyre, seier Melodi Grand Prix-entusiasten som bur Ålesund, og siktar til presentasjonane som vert sende før artistane går på scena i Wien.

– Men vi har ulik smak, nokon likar det eg vil kalle for vræling.

Balladar

Inge Solmo har alltid vore ein svoren Melodi Grand Prix-tilhengjar og har stor kunnskap om songkonkurransen. Den kunnskapen førte han heilt til topps i «Kvitt eller dobbelt» på NRK i 2008 og året etter gav han ut boka «Absolutt Grand Prix».

Før kveldens internasjonale finale i Wien i Østerrike meiner Solmo likevel at det er nokre artistar som hevar nivået. Han sjølv er svak for balladar.

– Men uansett om det er den eine eller den andre sjangeren, så må det i alle fall vere produsert ordentleg.

Likte ikkje «A monster like me»

MGP-eksperten var ganske sur i tonen då det var Kjetil Mørland og Debrah Scarlett som fekk flest poeng i den norske finalen og dermed vart dei som skulle representere Noreg i Wien , men no har pipa ei anna låt. Det norske bidraget har vakse meir og meir på han.

– Det er faktisk ein skikkeleg fin produksjon. Det er ikkje hysteriet som står i fokus, det er melodien.

Og med «A monster like me» tok Noreg seg vidare frå semifinalen torsdag.

– Plagiat frå Sverige

Noreg har fått startnummer ni i Eurovision-finalen i kveld. Vår einaste nordiske nabo som delter, Sverige, følgjer hakk i hæl som nummer ti.

Inge Solmo trur det er ein overhengande fare for at det er svenske Måns Zemerlöw som vinn i år. Det fortener dei ikkje, meiner han.

– Kan ikkje svenskane slutte med å drive tjuveri? Om ein høyrer på David Getta sin «Lovers on the sun», så høyrer ein at det er akkurat same produksjon.

– Og så blir svenskane slik dei brukar i Melodi Grand Prix-verda, dei blir rett og slett litt arrogante.

– Pompøse italienarar

I Italia trur dei på den store kjærleiken og det viser operatrioen Il Volo til det fulle med låta «Il Grande Amore». Dei tre italienske mennene er storfavorittar før kveldens finale og Solmo synest låta er fantastisk.

– Dette er svære greier. For meg gjer det ingenting at det er pompøst og svulstig, for det kjem frå Italia. Hadde det vore amerikanarar eller andre folk blir det berre søtsuppe.

Franskmennene er også ein av dei som har favorittstempel på seg og artist Lisa Angell tek seg av krigsnostalgien under årets ESC med låta «N'oubliez pas»; «glem ikke».

– Denne held eg faktisk på å grine av, for eg synest den er så flott. Dette er ei perle av ei låt. Eg elskar Europa og dette er ein hyllest til det Europa er, seier Solmo, som har eitt ønskje for finalen i kveld.

– Måtte vi slå svenskane!