Slaktar Kristiansund sin strategi i sjukehussaka

– Kristiansund har drive risikosport på høgt nivå, seier Per Olaf Lundteigen (Sp). Likevel sørgjer han truleg for at Kristiansund får si høyring om sjukehussaka på Stortinget

Per Olaf Lundteigen

Per Olaf Lundteigen (Sp) meiner sjukehussaka har vore ei hasardiøs ferd for Nordmøre.

Foto: Øijord, Thomas Winje / NTB scanpix

I eit intervju med Aftenposten , slaktar Sp-veteranen Kristiansund kommune sin strategi i sjukehussaka.

– Dette har vore ei hasardiøs ferd for Kristiansund og omegn.

Skape tillit

Den lange sjukehuskampen vart avgjort då Helse Møre og Romsdal, Helse Midt-Norge og til slutt Bent Høie (H) gjekk inn for at det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal skal ligge i Molde.

For å skape tillit blir det viktig å få fram kva som eigentleg har skjedd i sjukehusstriden i Møre og Romsdal, også bakover i tid.

Per Olaf Lundteigen (Sp)

19.desember fekk helseminister Bent Høie det siste ordet, Molde får nytt sjukehus og ikkje Kristiansund.

Mange har likevel stilt spørsmål om avgjerda kan bli ståande, i og med det er uklart om alt har gått rett føre seg i prosessen.

– For å skape tillit blir det viktig å få fram kva som eigentleg har skjedd i sjukehusstriden i Møre og Romsdal, også bakover i tid, seier Per Olaf Lundteigen (Sp) til Aftenposten.

Spelereglar

Kristiansund kjempar for å få høyring i Stortinget sin kontroll- og konsititusjonskomité om saka, ein kamp Senterpartiet og Per Olaf Lundteigen støttar. Dermed har Ap den støtta dei treng for å etablere ei «sak» mot helseminister Bent Høie.

– Mi oppgåve er å få fram om staten som sjukehuseigar, etter lov om helseføretak, har følgd lova sine spelereglar, seier Lundteigen.

Spørsmålet om høyring blir truleg avgjort tysdag.

Bent Høie i Kristiansund

Helseminister Bent Høie (H) besøkte Kristiansund før han bestemte seg for kvardet nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal skulle ligge.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Felles sjukehus

Senterpartipolitikaren meiner dessutan at begge sjukehusa, i Molde og Kristiansund, burde bestå.

– Lokalsjukehusa er ein del av folkesjela. To av tre pasientar blir i dag behandla på lokalsjukehusnivå. Og så må dei pasientane som treng spesialistbehandling bli sendt til St. Olavs Hospital i Trondheim.

Lundteigen ville ikkje ha råda nordmøringane til å slåst for eitt felles sjukehus i Nordmøre og Romsdal.

– Det var det dei i realiteten gjorde då dei i 2010 fekk stoppa bygginga av eit nytt sjukehus i Molde, seier han til Aftenposten.

– Risikosport

Sjølv om Per Olaf Lundteigen støttar Kristiansund kommune når det gjeld å få sjukehussaka opp til høyring på Stortinget, er han ikkje imponert over måten dei har opptrådd på i sjukehussaka.

Nordmøringane har drive med risikosport på høgt nivå.

Per Olaf Lundteigen (Sp)

Han seier til Aftenposten at nordmøringane har drive med «risikosport».

Lundteigen viser til planane med å bygge eit nytt sjukehus i Molde, med byggestart i 2012, støtta av helsestatsrådane Sylvia Brustad (2005-2008) og Bjarne Håkon Hanssen (2008-2009). Då det i 2009-2010 blei snakk om å overføre akuttfunksjonar og fødetilbod frå Kristiansund til eit nytt sjukehus i Molde, reagerte kristiansundarane.

Ordførar i Kristiansund, Per Kristian Øyen (Ap) har tidlegare fortalt om korleis han då tok kontakt med toppleiinga i Arbeidarpartiet for å få stoppa sjukehusplanane i Molde.

– Hasardiøs ferd

Per Kristian Øyen

Ordførar i Kristiansund, Per Kristian Øyen (Ap), blir kritisert for sitt politiekse spel.

Foto: Trond Vestre / NRK
Anne-Grete Strøm-Erichsen i Molde

Tidligere helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) møtte et stort engasjement då ho gjesta Molde.

Foto: Herskedal, Kjell / Scanpix

I februar 2010 foretok dåverande statssekretær Roger Ingebrigtsen (Ap) - på vegne av dåverande helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen - ei heilomvending.

På eit møte i departementet, med blant anna Helse Midt-Norge sin dåverande styreleiar Kolbjørn Almlid og administrerande direktør Gunnar Bovim til stades, gjorde han det klart at eit nytt sjukehus måtte ligge nærare Kristiansund.

Store avgjerder blir i dag tekne av få personar som ikkje er folkevalde, noko som ikkje gir ei demokratisk forankring.

Per Olaf Lundteigen (Sp)

Kort tid etter fekk Helse Midt-Norge i oppdrag frå Strøm-Erichsen å utarbeide planar for eitt sjukehus for Nordmøre og Romsdal.

– Strøm-Erichsen stoppa det planlagde sjukehuset i Molde fordi det blei umogleg for Arbeidarpartiet å gå på akkord med Ap sitt lokallag i Kristiansund, seier Lundteigen til Aftenposten.

– Dette har vore ei hasardiøs ferd for Kristiansund og omegn. Nordmøringane har drive med risikosport på høgt nivå, men ein må erfare korleis makt blir utøvd.

Sentralisering

Lundteigen peikar på at sentralisering har blitt ei heilag ku, og det endå meir no under Høgre/Frp-regjeringa enn den raudgrøne.

– Når det skal vere eitt sjukehus, så blir det gjerne lagt til den staden der det bur mest folk og der fagmiljøet er størst. Molde har eit større sjukehus og eit større fagmiljø.

Dersom det blir høyring på Stortinget, har Senterpartiet eit ønskje om å sjå på heile helseføretaksmodellen.

– Store avgjerder blir i dag tekne av få personar som ikkje er folkevalde, noko som ikkje gir ei demokratisk forankring, seier Per Olaf Lundteigen til avisa.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.