Normal

Slaget om bypakken er igang i Ålesund

Dei folkevalde i fylkes største by behandlar no den mest brennheite politiske saka på lang tid. Før kvelden er omme skal framtidas trafikkløysing avgjerast.

Bystyremøte 031215

Bystyret i Ålesund er i full gang med å debattere kva som er beste løysinga for ein bypakke for byen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Bypakken har blitt ei knallhard julenøtt å knekke for lokalpolitikarane i Ålesund. I nøtta ligg trafikkløysinga for Ålesund og omlandet i generasjonar framover.

Politikarane er samde om at noko må gjerast med biltrafikken som står i stampe i rushtida, med kollektivtrafikken og med forholda for gåande og syklande.

Spørsmålet er berre korleis forbetringane skal bli.

Må lande

Den omstridde saka er behandla i dei ulike bydelsutvala, og til møtet låg uttalane frå desse føre. Det er også innhenta uttale frå nabokommunane i saka.

Sindre Nakken (Ap) var første representant som tok ordet. Han snakka på vegne av fleiralet i bystyret, det vil seie Ap, SV, KrF og Miljøpartiet Dei Grøne. Han understreka sterkt at det er på tide å få landa ei framtidig trafikkløysing for Ålesund.

– Vi kan ikkje lenger krangle, krangle og krangle utan å lande noko. Vi må kome oss vidare. Det handla også om å vere realistiske og forhalde seg til signala frå dei som skal avgjere det heile.

Sindre Nakken i Ålesund bystyre

Sindre Nakken (Ap) var første representant ute i debatten i kveld.

Foto: Trond Vestre / NRK

Bypakkesøknaden i fjor vår kom aldri så langt som til departementet, men blei besvart av statsråden. Fleirtalet i bystyret har teke signala frå statsråden på alvor, slik at det skal bli så lite smertefull proesess som råd vidare framover, sa han.

Det kom mellom anna fram at dei fire partia vil ha greidd ut bybane som ein del av trafikkløysinga for Ålesund.

Edvard Devold (H) representerte opposisjonen, og la vekt på at ein tunnel over Brosundet er heilt avgjerande,og må ha stor prioritet.

– Så her vil vi markere at vi er usamde med Vegvesenet i denne saka, sa Devold mellom anna.

Representantane er taletrengde og i skrivande stund står 15 - 16 på talarlista vidare i debatten utover.

Samferdsleministeren sette ned foten

Det er ein revidert plan for bypakke som no blir drøfta på rådhuset, etter at saka blei utsett i oktober.

I fjor vedtok ålesundspolitikarane ein bypakke med ei kostnadsramme på rundt 4,5 milliardar kroner. Denne løysinga sette samferdsleministeren ned foten for. Han ville ha bort bomsnitta på E39, og ein mindre og billigare bypakke.

Bystyremøte 031215

Fleire representantar har alt hatt ordet i debatten, som bøljar fram og tilbake.

Foto: Frode Berg / NRK

I den reviderte bypakken som politikarane har framføre seg på bordet i bystyresalen no i kveld, er kostnadene for bypakken skorne sterkt ned.

Prislappen for dei ulike forslaga varierer grovt sett mellom 2,5 og 3 milliardar kroner.

Ingrediensane er framleis bompengar for å få løyst utfordringane innan samferdsla i byen, kvar bomsnitta skal ligge, om det skal byggast tunnel over Brosundet eller ei, om det skal bli firefelts veg mellom Lerstad og Høgskolen og korleis skal ein skal få til gode kollektivløysingar for byen.

Eidsviks reviderte

Den reviderte utgåva av bypakken er utarbeidd av administrasjonen med rådmann Astrid Eidsvik i spissen. Ho har lagt fram to ulike alternativ til løysing.

Ho har gått inn for alternativ 1 til 2,6 milliardar kroner. I det ligg bompengeinnkrevjing i Ålesund sentrum og mellom sentrum og Moa.

Dette er den mest trafikkerte strekninga i Møre og Romsdal, med rundt 30.000 passerande bilar kvart døgn.

Stortinget neste

Går alt etter planen, tek Statens vegvesen over stafettpinnen for bypakken etter møtet i kveld.

Vegvesenet kjem så til å førebu sak, og ta bypakken for Ålesund inn til eit vedtak om bompengeløysing i Stortinget i 2017.

Du kan følgje debatten i Ålesund bystyre direkte her:

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Bystyremøte» i nytt vindu