Hopp til innhold

Slaget for betre veg gjennom Romsdalen er i gang

Utolmodige lastebileigarar, bedrifter og lokalpolitikarar vil ha topp prioritert for E136 gjennom Romsdal i komande Nasjonal Transportplan.

Lastebil

Dei smalaste partia opp gjennom Romsdalen kan vere utfordrande for sjåføren bak regntung frontrute også før snøen legg seg.

Foto: Frode Berg / NRK

Norges Lastebileigarforbund gir seg ikkje. Nok ein gong sette dei utbygginga av E-136 gjennom Romsdalen på kartet under eit stort vegmøte på Åndalsnes i dag. Rundt 70 personar frå næringslivet, transportnæringa og det politiske miljøet møtte opp, og var særleg opptekne av utbetring av strekninga mellom Flatmark og Marstein.

Forsamling i møtesal som sit ved bord

Lastebileigarforbundet i fylket samla rundt 70 deltakar på møtet på Åndalnes i dag.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Ikkje spesielt dyrt

Utfordringa er å få sentrale politikarar med Regjeringa og Storting i spissen, til å seie ja til opprusting av E136 når Nasjonal Transportplan blir behandla til våren.

2,2 milliardar kroner vil det koste å ruste opp dei 40 kilometerane mellom Stuguflåten og Horgheimseidet.

– Samanlikna med andre vegprosjekt, som E-6 ved Ringebu i Gudbrandsdalen, er dette ikkje mykje. Der kosta 50 kilometer ny veg 10 milliardar kroner, sa regionsjef Berit Brendskag Lied i Statens vegvesen.

Berit Brendskag Lied, portret
Foto: Sissel Brunstad / NRK

Ho slo fast at strekninga mellom Røstøl og Stuguflåten gir store utfordringar for trafikken, og at ei utbetring vil koste rundt 650 millionar kroner.

– Den bratte stigninga med krappe svingar og mykje snø, er særleg utfordrande for tungtrafikken vinterstid. Men reguleringsplanen for dette strekket er under arbeid og vil vere ferdig neste år.

Regionvegsjefen viste samtidig til at E136 mellom Ålesund og Dombås er vegstrekninga i fylket som får mest utbetringar i 2017, med ei samla investering på 400 millionar kroner.

Rassikringsarbeidet ved Dølsteinsfonna og Fantebruata kom så smått i gang i dag, og Berit Brendskag Lied meinte at også den nye kontrollstasjonen ved Marsten vil betre trafikktryggleiken frå vintersesongen 2017/18.

Likar ikkje bompenge-tanken

Regionvegsjefen meiner bompengar kunne vere ei mogleg løysing for å få gjennomført ei opprusting av Europavegen gjennom Romsdalen. Dersom ein går inn på ei slik løysing, vil ein kunne hente inn 600 millionar kroner frå bilistane.

– Nei, bompengar er ikkje ønskjeleg. Vi betalar så mykje elles for bruk av ferjer og andre bompengeprosjekt, at dette bør kunne løysast utan bruk av bompengar, seier stortingsrepresentant Helge Orten (H).

Helge Orten

Helge Orten, stortingsrepresentant for Høgre, likar ikkje tanken på å løyse vegproblema gjennom Romsdalen med bompengar.

Foto: Roar Halten / NRK

Orten blei utfordra til å sørge for at Romsdalen etter mange års kamp, no må prioriterast i NTP. Han repliserte med å be aktørane vere om seg, og bruke sjansane dei har til å påverke politikarane.

– Handlingsrommet er no når departementet arbeider med planen. Mitt råd er at de påverkar både dei fire regjeringspartia og opposisjonen. Planen gjeld for 12 år, frå 2018- 2029, minte han forsamlinga om.

Grandiosa gjennom dalen

Mellom dei som hadde innlegg var også Orkla Foods, pizzaprodusenten i næringsmiddelkommunen Stranda.

– For oss er E136 gjennom Romsdalen kjempeviktig. Årleg sender vi 2000 vogntog med pizza og lefser ut på marknaden, og mellom 70 og 80 prosent av dei køyrer Romsdalen, sa logistikksjef Einar Arve Nordang.

Dagrunn Krakeli, portrett kvinne

Dagrunn Krakeli, er distriktssjef i Lastebileigarforbundet og seier det no må takst eit krafttak for endeleg å få utbetring av vegstandaren gjennom heile Romsdalen.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Distriktssjef Dagrunn Krakeli i Lastebileigarforbundet understreka at vårt fylke er nest største eksportfylket i landet, og at Romsdalen er hovudferdselsåra for godstrafikken ut og inn av fylket.

– Utbetring av Romsdalen har vore fanesaka vår i årevis. Vi kjem aldri til å gi oss, men forventar at politikarane tek ansvar og får på plass skikkeleg standard på denne utruleg viktige eksportvegen i komande NTP, sa ho.

Nasjonal Transportplan skal behandlast i Stortinget i mars/april.