Slag og vald

Litt før midnatt blei politiet i Ålesund kontakta av ein mann som var slått i ansiktet av ein ukjent person i ei kø ved ein utestad. Mannen reiste til legevakta for sjekk av nasen, medan politiet leitar etter gjerningsmannen. Også i Fosnavåg i Herøy blei det meldt om valdsbruk natt til laurdag, men då politiet kom til hadde gjerningsmennene reist. Ingen blei skadde.