Hopp til innhold

Skyttarlag med millionsatsing

Hjartåbygda Skyttarlag i Volda har 250 medlemmer, men har mangla både klubbhus og veg til skytebana. No vert det orden på begge deler til ein kostnad på rundt to millionar kroner.

Skyttarhus Hjartåbygda Skyttarlag

Det nye skyttarhuset ligg vakkert til i Aldalen i Hjartåbygda i Volda og er bygd på dugnad og med sponsorstøtte og tilskot.

Foto: Arne Flatin / NRK

I første omgang er det klubbhuset, eller skyttarhuset som dei helst vil kalle det, som står ferdig. Arbeidet starta i februar og dei siste listene og finpussen skal vere på plass til søndag når det er storstilt opning. Dette skjer samtidig som det er Skytingens dag over heile landet.

Skyttarhuset er verd rundt 1,1 millionar kroner. Mykje av dette er basert på dugnadsinnsats, sponsorstøtte og tilskot. Det same gjeld veg til skytebana til ein kostnad på rundt 900 000 kroner.

Inspirert av lensmannen

Lensmann Guttorm Hagen skal stå for den offisielle opninga på søndag. I følgje formann i skyttarlaget, Hogne Homberset, var nettopp Hagen litt av grunnen til at dei sette i gang prosjekta med både skyttarhus og veg til bana. Då Homberset leverte inn nokre gamle våpen på lensmannskontoret kom han i prat med lensmannen som lurte på om dei ikkje hadde planar om både skyttarhus og veg. Etter dette fekk Homberset inspirasjonen til å sette i gang med planlegginga. Homberset seier at dersom han hadde visst om alt papirarbeidet er han usikker på om han hadde orka. Han har opplevd det som svært tungvint å få alt på plass.

Hogne Homberset, Hjartåbygda Skyttarlag

Formann i skyttarlaget er Hogne Homberset. Det heiter framleis formann, sjølv om rundt 25 prosent av medlemmene no er kvinner.

Foto: Arne Flatin / NRK

Men no er Skyttarhuset så å seie ferdig og alle løyve til å få veg dei 300 metrane ned til skytebana er også i orden. Homberset trur vegen kan stå ferdig om eit års tid.

Skyttarlaget har 250 medlemmer og medlemskontingenten er berre på 50 kroner. Dei legg forholda til rette for ungdom under 16 år slik at dei kan låne alt av utstyr og lære seg korleis dei skal handtere våpen.

Denne maiformiddagen tek dei seg tid til litt skyting på den gamle 100-metersbana innimellom dugnadsarbeidet. Den nye 200-metersbana ventar dei med til søndag. Då vert det opning med pomp og prakt.

Hjartåbygda Skyttarlag, dugnad

Frå venstre:Snorre Mork, Raymond Løvøy, Hogne Homberset, Ola Homberset, Olav Knut Furnes, Jon Egil Finnes, Arnstein Homberset og Ingeborg Finnes. Nokre av dei som har gjort dugnad for skyttarlaget for å få skyttarhuset på plass.

Foto: Arne Flatin / NRK