Mange buer tilbyr det meste av ostar, godteri, og anna knask. Både barn, vaksne og hundar nyt det gode været og den gode stemninga.
SJÅ BILETE HER:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Ordentlege sjørøvarar?
Nokon av dei som får mykje merksemd i gatene i Ålesund under The Tall Ships Races er sjørøvarane.
Å lære knutar, og å få diplom på sjørøvarskulen har vore populært, og ein av sjørøvarane sa han hadde skrive ut over 800 diplom til stolte barn.
– Sjørøvarkongen har reist frå oss, så no kranglar me om kven som skal overta gata, seier ein sjørøvar.
SJÅ BILETE:
Tener eigne pengar
To jenter som bur i Ålesund er gatemusikantar og kosar seg i sola.
Begge to har spelt og sunge sidan dei var små, og dei to synest det er gøy å spele for ukjente på gata.
– Det er litt skummelt også, for det er veldig mange folk som står rundt her, seier Maiken Bratlie Vadtseth (11).
Dei to hadde fått mykje pengar i gitarkassen, og kunne opplyse om at dei hadde tent rundt 900 kroner.
– Det er veldig kjekt å synge og spele gitar, men det er ganske skummelt også, seier Live Marie Hanken (12).
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: