Hopp til innhold

Skuter, sol og blå himmel

På tampen av The Tall Ships Races kom sola til Ålesund, og mange kosa seg i gatene med familie, vener, mat og fine skuter. Sjå bileta frå seglskutefesten her.

Seglskute i solskin under The Tall Ships Races

SOL: Det gode vêret vart tatt godt imot under The Tall Ships Races i Ålesund.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Mange buer tilbyr det meste av ostar, godteri, og anna knask. Både barn, vaksne og hundar nyt det gode været og den gode stemninga.

SJÅ BILETE HER:

Aksla og solskin
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

LES OGSÅ: – Eg er fullstendig forelska

LES OGSÅ: Døypte Ava på Statsraad Lehmkuhl

Ordentlege sjørøvarar?

Sjørøvar på The Tall Ships Races

POPULÆR: Sjørøvarane får mykje merksemd av barna i i gatene i Ålesund.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Nokon av dei som får mykje merksemd i gatene i Ålesund under The Tall Ships Races er sjørøvarane.

Å lære knutar, og å få diplom på sjørøvarskulen har vore populært, og ein av sjørøvarane sa han hadde skrive ut over 800 diplom til stolte barn.

– Sjørøvarkongen har reist frå oss, så no kranglar me om kven som skal overta gata, seier ein sjørøvar.

SJÅ BILETE:

Sjørøvarar
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Tener eigne pengar

Live Marie Hanken (12) med gitar og Maiken Bratlie Vadseth (11)

GATEMUSIKANTAR: Live Marie Hanken (12) og Maiken Bratlie Vadseth (11), begge busett i Ålesund, spelar på gata.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

To jenter som bur i Ålesund er gatemusikantar og kosar seg i sola.

Begge to har spelt og sunge sidan dei var små, og dei to synest det er gøy å spele for ukjente på gata.

Pengar i kassa

GODE PENGAR: Live Marie Hanken (12) og Maiken Bratlie Vadseth (11) har fått meir enn 900 kroner i kassa.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Det er litt skummelt også, for det er veldig mange folk som står rundt her, seier Maiken Bratlie Vadtseth (11).

Dei to hadde fått mykje pengar i gitarkassen, og kunne opplyse om at dei hadde tent rundt 900 kroner.

– Det er veldig kjekt å synge og spele gitar, men det er ganske skummelt også, seier Live Marie Hanken (12).

LES OGSÅ: Folkefest i Ålesund

LES OGSÅ: Seglskuter, regn, og paraplyar