NRK Meny
Normal

Skur forsøkt påtent på Valderøy

Politiet gjer no etterforskingar etter at eit skur vart forsøkt påtent på Valderøy seint måndag ettermiddag.

Laster kart, vennligst vent...

Seint måndag ettermiddag vart eit skur forsøkt påtent på Valderøya.

Det var i 17.30-tida måndag at Sunnmøre politiet melde om eit branntilløp i eit skur tilknytt den gamle barneskulen på Valderøya.

– Det var ein nabo som melde frå til brannkorps og politi om brannen, fortel Borge Amdam operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Den snartenkte naboen tok også ansvar for sløkkinga og hadde fått kontroll på brannen då brannvesenet kom på staden.

– Det vart berre sot- og brannskadar på skuret, men det kunne fort gått mykje verre, seier operasjonsleiaren.

Ingen mistenkte

Politiet har så langt ingen konkrete mistenkte i saka, men har fleire spor å gå på.

– Vi har snakka med fleire vitne på staden og har nokre spor i saka, men ønskjer gjerne fleire tips dersom nokon har sett noko, seier Amdam.