Skulle ta ei forbikøyring

Politiet trur årsaka til ulykka i Atlanterhavstunnelen i Kristiansund var ei forbikøyring der føraren av eine bilen mista kontrollen, og hamna i fjellveggen før den kolliderte med ein anna bil. Føraren av bilen har status som sikta, og blir også meldt for køyring utan førarkort.