Hopp til innhold

Skulle servere julebukken øl

- På julaftan når folk hadde lagt seg, kom julegeita inn i huset og la seg oppe på omnen. Der måtte det stå ei skål med øl og mat til julegeita, seier Mads Langnes.

Julebukker

JULEBUKK: Tradisjonen har endra seg frå tidlege tider til i dag. (Arkivfoto)

Foto: Øyvind Nordstrand/PMF.

Mads Langnes

BUKK ELLER GEIT: - Julebukken kom tre veker før jul, seier Mads Langnes.

Foto: Åge André Breivik / NRK

For tradisjonen med julebukk eller julegeit er gamal. Så gamal at den ikkje heilt kan tidfestast. Men det heitte seg i tidlegare tider at julebukken kom tre veker før jul.

- Folk trudde den gøymde seg under ein benk i kvernhuset, seier konservator Mads Langnes på Romsdalsmuseet.

Julebukken kom åleine

Dette var eit varsel om at jula var nær. Den tidlege tradisjonen gjekk ut på at julebukken dukka opp åleine, og på julaftan, i staden for i romjula, som i nyare tid.

Høyr episode 14 i adventskalenderen til NRK Møre og Romsdal her:

Etter kvart vart det vanleg at to personar gjekk rundt frå gard til gard. Den eine var gjerne kledd ut som ei geit, og gjekk inn i husa til folk, medan den andre venta ute.

- Når denne julegeita kom inn og stod der åleine og skrapa litt i golvet for å undersøke om alt var reint og klart til jul, då skulle julebukken byast på eit krus med øl, og kanskje ein matbit før den gjekk vidare, seier Langnes.

- Stell godt med julegeita

Dette var starten på den skikken me kjenner i dag. Frå å vere to vaksne som gjekk rundt, auka talet på folk, før det vart til dei store barneflokkane som seinare gjekk frå dør til dør.

Sjølv lovar han at han alltid behandlar julebukk som kjem på døra godt, og han gir dei både tørt og vått før dei går vidare.

- Eg vil oppmode alle til å stelle godt med julegeit og julebukk om dei kjem på besøk. Hugs at julegeita som ligg på røykomnen ikkje forsvinn ut frå huset før trettande dag jul.