Hopp til innhold

Skulestrukturen i fylket kan bli tema

Eit fleirtal i fylkestinget vil greie ut den vidaregåande skulestrukturen.

Fylkeskommunedirektøren har foreslått dette som følge av den økonomiske situasjonen, med behov for omstilling.

Monica Molvær frå Høgre seier ein må snu alle steinar, medan Per Ivar Lied i Senterpartiet meiner det blir feil å ta den debatten no. Han meiner det blir stigande elevtal dei komande åra.