Hopp til innhold

Skulen blir lagt ned – elevane kan ende opp i eit anna fylke

I Vanylven skal dei legge ned det vidaregåande tilbodet i kommunen. No kan det ende med at elevane må ut av fylket for å gå på skule.

Ungdommar frå Vanylven demostrerte mot kutta i fylkeskommunen.

DEMONSTRERTE: Ungdommane frå Vanylven demonstrerte mot kutta i Molde, men mister likevel tilbodet sitt. På bilde ser du: Maren Myklebust Aaheim, Mona Roth, Emilie Haukeberg Løvold og Rikke Askvik Haugen.

Foto: Privat

– Politikarane tek frå oss framtida vår, seier Mona Roth.

Ho er 15 år og går i 10. klasse på Åheim skule i heimkommunen Vanylven, som ligg på Søre Sunnmøre. Der bur det 3100 personar. Om lag 50 elevar frå Vanylven skal byrje på vidaregåande skule neste år, og alle desse må no flytte på hybel.

– Det er om lag to timar reiseveg uansett kva for vidaregåande skule du vel, og det blir for langt for å pendle kvar dag, seier ho.

Det vidaregåande tilbodet i Vanylven er berre første klasse – ei avdeling som høyrer til Herøy vidaregåande, men som no blir lagt ned.

– Eg trur dette kjem til å påverke bygda negativt, ingen familiar vil etablere seg her når ungdommane deira må flytte på hybel i så tidleg alder, seier ho.

Mona kjenner fleire som hadde tenkt å søke seg til den vidaregåande skulen i Vanylven, men som no må førebu seg på å flytte heimanfrå.

– Dei vart sjokkert når dei fekk vite at skulen blir lagt ned, no veit dei ikkje kva dei skal gjer, seier ho.

Dramatisk for Vanylven

– Viss vi skal ha ungdom i Møre og Romsdal i framtida, så må vi satse på dei, ikkje ta frå dei utdanningstilboda der dei bur, seier ordførar i Vanylven kommune, Lena Landsverk Sande.

Lena Landsverk Sande

SKUFFA: Ordføraren i Vanylven er skuffa over at fylkeskommunen i dag vedtok å legge ned det vidaregåande tilbodet i kommunen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ho vart veldig skuffa då ho fekk beskjeden i dag om at fylkespolitikarane vedtok å legge ned den vidaregåande avdelinga i Vanylven. No fryktar ho for framtida til bygda.

– Det er ikkje tvil om at dette er dramatisk for Vanylven, og statistikk viser at til yngre ungdommen er når dei flyttar heimanfrå, til mindre sjanse er det for at dei vender heim att, seier Sande.

No kan det ende med at dei sender ungdommen over fylkesgrensa til Sogn og Fjordane for å gå på skule.

– Nokre kan ende opp med å søke seg til Måløy eller Eid for å gå på skule, for då kan ein reise fram og tilbake utan å tenke på ferje, seier ho.

Oppgitt over politikarane

Mona Roth ønskjer mest av alt å søke seg til Ulsteinvik, men vil også søke seg inn på Eid vidaregåande over fylkesgrensa. Ho er oppgitt over det som politikarane har bestemt.

– Dei spurde aldri oss ungdommane om kva vi syns, og vi må lide på grunn av det dei bestemmer, seier ho.