Hopp til innhold

Skuleklasse i karantene i Ålesund

Ålesund kommune melder søndag kveld om to nye tilfelle av koronavirus. Smittesporing er i gang, og har så langt ført til at ein 1. klasse ved Fagerlia vidaregåande skole er sett i karantene. Den eine smitta er elev, og førebels er det ikkje kjent kvar smitta kjem frå. Det andre smittetilfellet er knytt til utbrotet i Vestnes og vedkommande var allereie i karantene. Det skriv kommunen i ei pressemelding.