Arbeidsgruppe
Ei arbeidsgruppe av rektorar skal finne innsparingar og sjå nærare på skulestrukturen, og forslaget om å legge ned ungdomsskulen på Sekken og flytte 5.- til 7.-klassingane på Bolsøya til Vågsetra, kan bli lansert.
Dyr løysing på Sekken
Fungerande skulesjef Per Bertil Lund seier ungdomsskulen på Sekken er ei veldig dyr løysing, og difor er det aktuelt å legge ned.
Debatt
Gerda Tolaas og Per Bertil Lund var sterkt engasjerte i debatten om skulesparing onsdag kveld.
Per Bertil Lund og Senterpartiets Gerda Tolaas var to av dei som var sterkt engasjerte då skulesparing blei diskutert i drifts- og forvaltningsstyret i Molde i går kveld. Du kan høyre debatten her.
– Rett å vurdere Sekken
Ordførar i Molde, Jan Petter Hammerø, seier i dag at han meiner det er rett å vurdere om
Jan Petter Hammerø
ungdomsskulen på Sekken er liv laga. Skulen, som har åtte elevar, er den dyraste for kommunen å drive.
Hammerø er samd med fungerande skulesjef Per Bertil Lund i at nedlegging av ungdomsskulen på Sekken er eit val politikarane må få når kommunen må spare millionar på skulene.