Høg temperatur og heftige diskusjonar brukar å vere kjenneteiknet på skuledebattane. I dag skulle den første av 22 debattar i Møre og Romsdal vore arrangert ved Surnadal Vidaregåande skule. Men i staden for debatt, er det demonstrasjon utanfor skulen.
For fredag kom beskjeden om at skuledebattane blir digitale, på grunn av covid-19.
Det likar fylkesleiar i Senterungdommen, Dordi Boksasp Lerum dårleg.
– Eg tenker det er heilt uakseptabelt. Det går på demokratiet laust. Det er førstegongsveljarar som ikkje får det grunnlaget dei skulle ha hatt for å gi si første stemme, seier Lerum.
Måndag er ho ein av fleire politikarar som har ein fredeleg protest utanfor skulen i Surnadal.
Dordi Boksasp Lerum forstår ikkje kvifor debattane blir digitale i heile Møre og Romsdal, når det berre er i Ålesund at skulane er på gult nivå.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKBerre ein kommune på gult nivå
Ho seier ho har stor respekt for at ein må ta omsyn til korona og smittevern, men ho forstår ikkje kvifor alt må avlysast.
– Slik som situasjonen er i fylket no, så er det berre Ålesund som har skulane på gult nivå. Eg forstår ikkje kvifor ein ikkje kan ha noko fysisk på dei andre skulane då. Det er mykje ein kunne ha gjort før ein valde å ha det heildigitalt, seier Lerum.
Ungdomspolitikarane har i staden for å ha debatt, møtt opp for å protestere mot vedtaket.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKI staden for vanlege skuledebattar på alle skulane, blir det arrangert debattar i Kristiansund, Molde og Ålesund med eit avgrensa publikum til stades, som resten av elevane får sjå digitalt.
Her skulle det måndag ha vore skuledebatt. I staden står stolane tomme.
Foto: Marius Andre Jenssen Stenberg / NRKMeiner vedtaket er ulovleg
Førsteamanuensis i rettsvitskap, Morten Walløe Tvedt, meiner avgjersla til fylkeskommunen kan vere ulovleg.
– Denne avgjerda grip veldig inn i demokratiet vårt. Forvaltningsrettsleg så er dette ei ugyldig avgjerd. Også blir det ekstra problematisk når debatten startar måndag, og dette vart avlyst seint fredag kveld, seier han.
Førsteamanuensis i rettsvitskap, Morten Walløe Tvedt, meiner avgjersla til fylkeskommunen kan vere ulovleg.
Foto: Gilucci AugustoUtdannings- og kompetanseutvalet i Møre og Romsdal bestemte i juni at ein bør legge til rette for fysisk debatt eller valtorg der det let seg gjere. Og om det skulle vere ein kritisk smittesituasjon, så kunne digitale debattar for kvar enkelt skule vere eit alternativ.
Det er nettopp dette vedtaket Tvedt peiker på. Han vil ha ein fagleg grunn til kvifor dei meiner smittesituasjonen er kritisk nok til å avlyse debattane.
Morten Walløe Tvedt sit i kommunestyret i Molde for partiet Raudt, men uttalar seg i denne saka som førsteamanuensis i rettsvitskap.
– Ikkje kritisk smittesituasjon
Overlege ved Folkehelseinstituttet, Preben Aatvitsland, seier at smittesituasjonen i Møre og Romsdal er utfordrande, men ikkje kritisk.
Foto: Tor Erik SchrøderOverlege ved Folkehelseinstituttet, Preben Aatvitsland, seier at skuledebattar skal fylgje reglar og anbefalingar for offentlege arrangement. Han meiner det er fullt mogleg å halde ein slik debatt på ein trygg måte, med avstand og kohortar.
Kan ein kalle smittesituasjonen i Møre og Romsdal kritisk?
– Den siste veka har om lag 40–50 personar vorte diagnostisert kvar dag i Møre og Romsdal. Det kan eg vanskeleg kalle kritisk, seier Aavitsland.
– Lovleg vedtak
Beredskapskoordinator i fylkeskommunen, Eirik Jenssen, seier at dei har gjort ei totalvurdering av situasjonen, der ein kort tid etter skulestart no har smitte på sju vidaregåande skular og at smitten aukar blant barn og unge i landet.
– Vi har kome til at dette er ei fornuftig løysing for gjennomføring slik utviklinga i smitten har vore den siste veka, og at vi er føre var, seier Jenssen. Han seier at smittesituasjonen har utvikla seg raskt og negativt på få dagar. Han avviser at vedtaket er ulovleg.
Synd at ein ikkje kan bruke skuledebatten til å velje parti
Jeanette Ulven er ein av elevane som no ikkje får oppleve ein fysisk skuledebatt. Det synest ho er synd.
– Det er noko som kan få oss ungdommane til å engasjere oss i val og politikk. Det å ha skuledebatt kan kanskje gjere at vi som har stemmerett her no kan få hjelp til å velje kven vi skal stemme på, seier ho.
Jeanette Ulven
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKDå ho fekk vite at debatten er avlyst blei ho skuffa og fryktar det no vil bli vanskelegare å ta eit val om kven ho skal stemme på.
– Eg såg fram til skuledebatten der eg ville få høyre meir om ulike parti og kanskje gjere meg opp ei meining.