Skuldingar mot Svorka-direktør

I ein intern revisjonsrapport blir den avgåtte toppsjefen i energiselskapet Svorka skulda for fleire lovbrot. Styret har konkludert med at han ikkje har gjort medvitne lovbrot, og vil ikkje melde han til politiet.

Kilde: Adresseavisen/NRK

Både administrerande direktør Ove Skrøvseth og styreleiar Rolf Maridal gjekk i haust av, og det har vore mange spekulasjonar om kvifor.

Pussa opp hytta

Laurdag skreiv Adresseavisen i ein større artikkel at hytta til Skrøvseth på Tustna blei pussa opp av eit firma som dåverande styreleiar Maridal og son hans eig, og rekninga blei send til Svorka Energi. Då Skrøvseth blei konfrontert med dette, skal han ha hevda at utgiftene gjaldt oppussing av ein montørstasjon i Halsa. Rolf Maridal seier at han ikkje visste om oppussinga av hytta før Skrøvseth sjølv tok fram fakturaen.

Revisjonsrapporten påpeikar også at vegen til hytta er blitt grusa på Svorkas rekning.

Avtale

Adresseavisen skriv vidare at det blei laga ein avtale om at Svorka skulle betale for arbeidet på hytta mot at styret og leiinga i selskapet kunne få bruke hytta i inntil ti dagar i året. Avtalen gjeld i tre år med rett til forlenging, og blei underskriven av Skrøvseth, Maridal og ein medlem i styret. Maridal seier til avisa at han ikkje likte at det blei gjort på den måten og at han bad Skrøvseth ta kontakt med revisor.

Ønskjer ro

Skrøvseth seier til Adresseavisen at han alltid har vore hundre prosent lojal mot styret i Svorka. Til NRK Møre og Romsdal seier han at det Adresseavisen skriv, er tatt ut av samanhengen og derfor gir eit feil bilete.

Sist veke hadde eigarane i Svorka og styret møte, og ordførar Mons Otnes i eigarkommunen Surnadal seier til NRK at dei no håpar på ro omkring denne saka. Styreleiar John Ole Aspli seier at styret har gått gjennom revisjonsrapporten og har konkludert med at Skrøvseth ikkje medvite har brote lovverket. Styret går derfor ikkje til politiet med saka. Han seier også til Tidens Krav måndag at Svorka Energi ikkje har tapt ei krone på det som er skjedd.

Eigarane har bedt juristar om å vurdere styret si rolle, og ventar no på ein rapport.

Siste video/lyd

Han likar å halde på heime i garasjen. Tidlegare har han bygd ein kopi av Pelle Politibil, og i februar i år sette han i gang eit nytt prosjekt som han no er i ferd med å avslutte.
Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.