Hopp til innhold

Skuldar på fengsla menn etter «narrebomba»

Ein mann i 30-åra blei tysdag arrestert for «narrebomba» i Langevåg. Mannen innrømmer at alt i pakken er tilhøyrande han, men vil ikkje seie konkret at han laga pakken.

Bombegruppen

Bombegruppa frå Oslo i aksjon i Langevåg måndag.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Mistenkjeleg pakke

Denne pakken blei funnen søndag.

Foto: Otto Jan Hoddevik

– Då vi demonterte «bomba» fann vi mange gjenstandar, som leidningar, teip, rot og rusk. På bakgrunn av tekniske spor klarte vi å få identifisert mannen i 30-åra, fortel Sula-lensmann Frode Haugen.

– Vi ransaka huset til mannen og fann tilsvarande gjenstandar. Han har erkjent i avhøyr at det er hans ting, og at det kjem frå han, men han har ikkje formelt erkjent at han laga «bomba».

Det han derimot seier er at i alle fall to andre skal ha stole frå han og laga «bomba».

Lensmann Haugen meiner derimot at det er svært lite sannsynleg.

– Han skuldar på andre, mellom andre to andre menn som begge sit fengsla.

Åse Hoddevik

Åse Hoddevik likte ikkje den mistenksame pakken.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Pakke med «eksplosiv»-merke

Det var no søndag at ein svært mistenkjeleg pakke blei funnen i Langevåg.

Pakken hadde «eksplosiv»-kjenneteiknet på seg, og var tett pakka og surra saman med teip. Situasjonen blei sett på med stort alvor, og bombehundegruppe blei kalla inn frå Oslo .

– Vi kan ikkje seie noko om oppdraget, sa ein av dei innflogne ekspertane til NRK etter framkomst måndag.

Åse Hoddevik, i Langevåg, som fann pakken blei éi av mange som måtte evakuerast før politiet til slutt fekk destruert «bomba».

– Dette er ikkje noko triveleg i det heile teke. Det kan vere sprengstoff i pakken eller det kan berre vere nokon som har gjort rampestrekar, sa Hoddevik.

Saka held fram under videoen.

Politiet uskadeleggjorde måndag den mistenkelege pakken i Langevåg utanfor Ålesund.

– Ikkje noko psykisk

Etter mellom anna røntgen og grundige undersøkingar, blei «narrebomba» destruert . I dag tysdag blei ein mann i 30-åra arrestert i Langevåg.

– Han blei teken inn til avhøyr på lensmannskontoret og sikta for å ha laga «bomba», slår lensmann Haugen fast til NRK.

Den sikta har altså erkjent at alle tinga som blei funne i pakken stammar frå han, men han har ikkje tilstått å ha laga pakken.

– Men det er berre han som kan ha laga den, for det er berre han som har tilgang til boda med alt utstyret.

– Vi veit vidare at det ikkje er gjort for å skape frykt. Det er tilfeldig at pakken hamna der han hamna. Det er ingenting i «bomba» som hadde noko med bombe å gjere, fortel Haugen.

Mannen som i dag blei avhøyrt er ein kjenning av politiet.

– Men det er ikkje noko psykisk inne i bildet, seier Haugen.

Politiet ved bombefunn

Funnet av, det som kunne vere, ei bombe, blei tatt på høgste alvor av politiet.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Blir ikkje varetektsfengsla

Per no meiner politiet at saka er godt nok belyst, og at rett mann blei arrestert. Varetektsfengsla blir 30-åringen derimot ikkje.

– Vi har sloppe han ut, då vi ikkje såg nokon grunn til å varetektsfengsle han. Han vil bli kalla inn til nye avhøyr.

Saka blir derimot etterforska vidare, og mannen kan vente seg ein straffereaksjon.

– Juristen får avgjere straffereaksjon når saka er endeleg etterforska, avsluttar Frode Haugen ved Sula lensmannskontor.

Fleire hus vart evakuerte etter funn av ein mistenkeleg pakke i Langevåg ved Ålesund. Politiet undersøkte pakken måndag føremiddag.