Hopp til innhold

Skuldar igjen helseminister Høie for barnedødsfall

Barnelege Anna Owczarz har sjølv fått kritikk etter at ti månader gamle Sebastian Gils Ødegaard døydde. No skuldar ho igjen helseministeren for dødsfallet.

Anna Owczarz

Barnelege Anna Owczarz har tidlegare gått hardt i rette med helseminister Bent Høie. No gjer ho det igjen.

Foto: Roar Strøm

Sebastian Gils Ødegaard blei ikkje meir enn ti månader gamal, og døydde på veg til St. Olavs Hospital i Trondheim i februar 2015. Nesten på dagen to år seinare blei det kjent at politiet har sikta Helse Møre og Romsdal.

Ein av legane som sjølv har fått kritikk for si rolle, gjentek no at helseminister Bent Høie er ansvarleg for dødsfallet.

Sebastian

Sebastian Gils Ødegaard blei berre ti månader. Fleire av dei som var involvert i behandlinga av han har fått skarp kritikk i ettertid.

Foto: Privat

– Helseministeren har vore varsla mange gongar, både frå foreldra og oss, og han er katastrofalt døv for åtvaringar, seier Anna Owczarz.

Det var Tidens Krav som skreiv om saka først.

Les også:

Raste mot Høie

Det er ikkje første gongen barnelegen går i rette med helseminister Bent Høie. I februar 2015 skreiv ho på Facebook at ho aldri tilgir han dette dødsfallet. Innlegget var ein reaksjon på at Høie bad foreldra til den ti månader gamle babyen om orsaking, via Facebook.

Det er meg Høie som er barnelegen til Sebastian! Han døde i mine hender fordi du velsignet denne helgestengningen!!! Ta frem det brevet jeg sendte deg 23.oktober hvor jeg ba deg om hjelp. Flere foreldre gjorde det samtidig! Jeg vil si deg det samme som jeg sa til mine direktører og klinikksjef- dere er total uegnede til å drive med helse! Ta hatten og gå! Denne døden tilgir jeg deg aldri!

Barnelege Anna Owczarz / Barnelege Anna Owczarz

I innlegget viste ho til at ho fleire månader før åtvara Høie mot å stengje avdelinga.

Ho meiner framleis helseministeren burde gjort meir for å forsikre seg om at forholda var forsvarlege ved barneavdelinga i Kristiansund. Avdelinga blei stengt i feriar og helgar hausten 2014 for å spare pengar, og er framleis delvis stengd.

Bent Høie

Helseminister Bent Høie vil ikkje kommentere skuldingane overfor NRK Møre og Romsdal.

Foto: NRK

– Han burde ha undersøkt forholda, ikkje berre høyrt på svara frå helseføretaket, men snakka med oss tillitsvalde og oss som arbeider her på golvet, som veit kva som er problemet, kvar skoen trykkjer og kva som må gjerast, held Owczarz fast.

Les også:

Unik sak i rettsapparatet

I februar blei det kjent at politiet siktar helseføretaket, og dermed kan eit dødsfall som følgje av feilbehandling i helsevesenet for første gang hamne i ein norsk rettssal.

Barnelegen har sjølv fått kritikk, men held fast på at ho ikkje kunne gjort noko annleis. Ho meiner nokon i leiinga må ta ansvaret for dødsfallet.

– Det verkar som helseministeren prøvar å flytte ansvaret til Helse Møre og Romsdal. Styret prøvar å flytte det til andre, helst oss som jobbar på golvet. Vi kan ikkje leve i eit samfunn der ingen tek ansvar for det som skjer, seier ho.

Helseminister Bent Høie ønskjer ikkje å kommentere saka. Det gjer heller ikkje administrerande direktør Espen Remme i Helse Møre og Romsdal, og viser til at saka er under politietterforsking. Det same seier styreleiar Stein Kinserdal.

Red.anm.:Adjektiver som beskriver graden av kritikk som er rettet mot barnelegen er tatt ut av den opprinnelige versjonen av saken, siden en slik gradering blir upresis når kritikken omtales i generelle vendinger.