Hopp til innhold

Skulane må bli større

Dei tre høgskulane i fylket er for små og har fått frist til slutten av januar til å finne andre utdanningsinstitusjonar å samarbeide med. Ved Høgskolen i Ålesund er dei lystne på å slå seg saman med NTNU i Trondheim.

Dei regionale høgskulane i møre og romsdal

Høgskulane i Møre og Romsdal er for små og har fått beskjed frå Kunnskapsdepartementet om å tenke større.

Foto: Janne Brit Aasen

Departementet har gitt beskjed om at høgskulane er for små til å halde fram som sjølvstendinge einingar.

No hastar det for høgskulane å finne samarbeidspartnarar.

NTNU

For Høgskolen i Ålesund kan det bli aktuelt å slå seg saman med NTNU i Trondheim.

– Vi blir eit større og sterkare fagmiljø saman, poengterer rektor ved høgskolen i Ålesund, Marianne Synnes.

Rektor ved Høgskolen i Ålesund, Marianne Synnes

Rektor ved Høgskolen i Ålesund, Marianne Synnes, ser mot NTNU.

Foto: Stig-Espen Soleng / NRK
Per Halse
Foto: Høgskulen i Volda
Høgskulerektor Halgeir Gammelsæter

Halgeir Gammelsæter er rektor ved Høgskolen i Molde.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ho trur eit samarbeid med NTNU vil ha mange fordelar.

– Vi kan få større gjennomslag når det gjeld både forskingsprosjekt og andre område.

Ho peikar på at dei allereie har eit godt samarbeid når det gjeld teknologi og helse.

Regionalt samarbeid

I Volda, derimot, ser dei ikkje like positivt på å kome inn i ei stor eining med instituasjonar i Trondheim eller Bergen.

Rektor ved Høgskulen i Volda, Per Halse, seier det er mest naturleg for dei å gå inn for eit regionalt samarbeid på Nordvestlandet.

– Vi meiner det er meir naturleg å slå seg saman med ein eller fleire av høgskulane her på Nordvestlandet.

Halse ser føre seg at ei samanslåing med andre høgskular kan vere positivt spesielt for rekruttering av studentar.

– Departementet meiner vi er for små til å klare framtidas utfordringar, då tenkjer ein spesielt på den femårige lærarutdanninga. Den store utfordinga vår er rekrutteringa av studentar, der kan eit samarbeid vere viktig.

Uavklart situasjon

Hallgeir Gammelsæter, rektor ved Høgskulen i Molde seier dei vil prioritere eit regionalt samarbeid, men at det kan vere aktuelt å sjå nordover til NTNU i Trondheim eller sørover til Bergen.

– Det er mykje viss, om og men slik situasjonen er no.

Kunnskapsdepartementet ser på struktur og størrelse på dei ulike utdanningsinstitusjonane landet over, og er tydelege på at dei tre Høgskulane i Møre og Romsdal ikkje kan stå åleine kvar for seg.

– Vi er sett i ein situasjon der vi må vurdere alle moglegheiter. Så er det også eit spørsmål om dei vi vender oss mot vil ha oss.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL