Hopp til innhold

- Veldig skuffa og fortvila

Ordførar Bjørn Tømmerdal (H) i Ålesund er svært skuffa over rot med e-valstemmene. – Dette skulle liksom vere meir effektivt, seier han.

Bjørn Tømmerdal.

Ordførar Bjørn Tømmerdal (H) i Ålesund er skuffa over e-val rot.

Foto: Rune A. Hansen. / NRK

– Eg er veldig, veldig fortvila og skuffa. Vi rekna med at når vi vart med på e-val, så skulle det bli meir effektivt og rasjonelt, seier Bjørn Tømmerdal til NRK.

Feilen ligg sentralt

10 kommunar er med på prøveordninga med e-val. Alle har fått trøbbel under oppteljinga av stemmene i kveld.

– Vi deler ikkje ut raude kort til politisk sekretariat i Ålesund. Det ser ut som feilen ligg sentralt. Vi veit ikkje kva som skjer, men det gjeld alle kommunane, så store kommunar som Sandnes og Bodø har like store problem, seier Tømmerdal.

Les også:

Rapporterer manuelt

Tore Hals

Bysekretær Tore Hals veit ikkje kvifor det er blitt problem med e-valstemmene.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

I bystyresalen i Ålesund veit dei heller ikkje heilt kva som er feilen.

– Vi har venta på overføringa av e-valstemmene frå departementet, og dei ser ikkje ut til å få det overført. Så no må vi rapportere manuelt, seier bysekretæren i Ålesund, Tore Hals til NRK.

Ordførar Tømmerdal er svært skuffa over systemet, men dei har no fått ut førehandsstemmene, og dei gir grunn til optimisme for han.

– Vi får glede oss over det vi kan. Førehandsstemmene gir oss 31,2 prosent, seier han.