Hopp til innhold

Idrettskretsen skuffa over OL-nei

I går vart alle draumar om OL knust. Heidi Falkhytten, leiar i Møre og Romsdal idrettskrets, er svært skuffa.

Heidi Falkhytten, ny leder i idrettskretsen

Heidi Falkhytten hadde eit stort håp om OL i Oslo i 2022.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Onsdag bestemte Høgres stortingsgruppe at dei ikkje vil støtte eit OL i Oslo, og dermed vert planane om OL i 2022, stansa. Oslo kommune trakk søknaden om statsgaranti.

Skisse for OL i Oslo i 2022

Ein av reklameplakatane for Oslo-OL viser skiløparar på full fart gjennom Kvadraturen i Oslo.

Foto: Eva Marie Bulai

Heidi Falkhytten er leiar i Møre og Romsdal idrettskrets. Ho og idrettstinget har arbeidd for å få OL og Paralympics til Oslo. Blant anna var dei på eit ekstraordinært idrettsting i Stjørdal i 2012, der kravet var at det måtte på plass ein statsgaranti og at idretten ikkje kunne bere kostnadene åleine.

LES OGSÅ:

Svært skuffa

– Vi meinte at med eit OL kunne vi gi idretten eit nasjonalt løft, gjennom auka aktivitet og inspirasjon av unge, seier Falkhytten.

Også kompetanseutvikling og ein ny standard for funksjonshemma ville kome dersom ein hadde fått OL, meiner ho. Ho innrømmer at ho er svært skuffa etter gårsdagens avgjerd.

Bygge anlegg

Oslo-OL i 2022 ville ha kosta 35 milliardar kroner og motstanden har vore stor. Mange har ynskja å stramme inn på kostnadene og gjere noko med pampefaktoren til IOC.

– Det som er det viktigaste no er bygging av anlegg, få til momskompensasjon og legge til rette for at dei som driv den enorme dugnaden for barn og unge, får gode rammevilkår, seier Falkhytten.

– Kor lenge trur du det går før vi kan legge inn ein ny søknad?

– Eg tenkjer at no må vi konsentrere oss om dei arrangementa vi har og ta godt vare på idretten og kome tilbake seinare.