Anne-Marie Saunes Overå er homofil og sjølv gift med ei kvinne.
Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRKFylkesleiar for LLH Møre og Romsdal, Mona Nekkøy, trur at dei eldre i kyrkja stenger for nye forslag.
Foto: PrivatSoknepresten er skuffa over at kyrkja har sagt frå seg sjansen til å la homofile og lesbiske gifte seg kristeleg. 51 røysta for forslaget, medan 64 røysta mot under Kyrkjemøtet i Kristiansand tysdag.
– Dette er veldig trist. No hadde kyrkja ei gylden anledning til å seie at likekjønna ekteskap er like riktig som ekteskapet mellom mann og kvinne, seier Kulø.
- Les også:
Han seier at dette har vore jobba med i mange år, og kampen for homofile som vil gifte seg i kyrkja har vore lang og tung.
– For mange er dette så vanskeleg at dei ikkje klarer å stå saman med kyrkja lenger. Det er oppsiktsvekkande at kyrkja ikkje kan seie at det er greitt med to syn på denne saka, seier presten.
– Folk kjem til å melde seg ut
Anne-Marie Saunes Overå er aktiv i Hareid kyrkjelyd på Sunnmøre og er sjølv gift med ei dame.
- Les også:
– Eg synst at dette er leitt. Det er trist at vi ikkje ser kor stor Gud er. Eg trur at mange har det tøft etter denne avgjera og som kjem til å melde seg ut av kyrkja, seier Overå.
Sjølv har ho ikkje vurdert å melde seg ut av kyrkja. I alle fall ikkje enno.
– For mange eldre i kyrkja
Fylkesleiar for LLH Møre og Romsdal, Mona Nekkøy, synst at avgjerda er veldig trist. Men ho trur at dei er på veg i riktig retning.
– Sjølv om ein elskar same kjønn så bør ein få lov til å gifte seg i kyrkja. Eg er ikkje overraska over vedtaket. Med fare for å trakke enkelte på tærne, må eg seie at vi har for mange eldre i kyrkja som ikkje er opne for å endre sitt gudsbilete, seier fylkesleiaren.