Hopp til innhold

Skuffa over Gjensidige

Dei som bur i naboblokka på den eine sida av den øydelagte bustadblokka i Ålesund, er skuffa over at forsikringsselskapet ikkje vil bere kostnadene med rassikring.

Ole Bjørn Alvestad bor i naboblokka Fjelltunvegen 29.

Ole Bjørn Alvestad

Foto: Andreas Sundby / NRK

- Eit møte måndag kveld førte ikkje til noko, seier Ole Bjørn Alvestad, talsmann for dei som bur i Fjelltunvegen 29. Dei er framleis evakuerte fram til rivinga av Fjelltunvegen 31 er ferdig.

Dekte utgifter

Dei som bur i Fjelltunvegen 33, på den andre sida av den øydelagde bustadblokka, får dekt ein del av det sikringsarbeidet kostar. Dei har blitt samde med forsikringsselskapet If om ei løysing alle er forholdsvis nøgde med.

- Vi er jo litt forundra over at konklusjonane er så ulike når det gjeld to eigedomar som begge ligg tett opptil rasstaden. Det er veldig rart at ein frå ein meter til den neste kan seie at her er det rasfare, men her er det ingen fare, seier Alvestad.

Dokumentasjon

- Vi meiner at raset har medført ei utvikling i negativ retning bak blokka vår. Gjensidige meiner at det ikkje er grundig nok dokumentert, vi meiner vi har dokumentasjon i eit brev frå Noregs geotekniske institutt.

Gjensidige ønskjer ikkje å kommentere saka etter møtet måndag kveld. Skadesjef Roar Sigstad i Gjensidige sa for nokre dagar sidan til NRK at dei meiner forholda bak Fjelltunvegen 29 ikkje er endra som følgje av raset, og at det er kommunen som har ansvaret for ei eventuell sikring av området.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL