Hopp til innhold

Skuffa over billettsalet før semifinalen

Molde-kaptein Ruben Gabrielsen meiner at dei som ikkje er på semifinalen, heller ikkje treng å komme på finalen på Ullevaal.

Aker Stadion

TOMME TRIBUNAR: Det blir ikkje heilt tomt på Aker Stadion i morgon, men Molde FK skulle gjerne sett at fleire hadde kjøpt billettar allereie.

Torsdag er det klart for storkamp i Molde, men berre 5000 billettar er selde til semifinalen mot Lillestrøm.

Ruben Gabrielsen

KAPTEIN: Molde-kaptein, Ruben Gabrielsen, meiner folk bør stille opp når Molde speler semifinale i cupen.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Molde kaptein Ruben Gabrielsen har spelt for Lillestrøm i fem år, og gler seg til kampen mot gamleklubben. Men han legg ikkje skjul på at han er skuffa over billettsalet.

– No skal eg seie noko eg kanskje ikkje burde seie, seier Gabrielsen, som ei lita åtvaring.

– Eg synest at dersom du ikkje er på semifinalen, så treng du ikkje komme på finalen heller, for min del.

– Dette er ein lang veg vi har slite oss gjennom, og det er mange trufaste supporterar som for eksempel har vore med på bortekamp mot Volda.

– Dersom du ikkje ein gong er på ein semifinale, synest eg det blir rart om du plutseleg skal dukke opp på finalen, seier Gabrielsen.

– Skulle ønske det var fleire

Oddvar Talset

HAR TRUA: Oddvar Talset, som er marknadsdirektør i Molde FK, trur salet vil ta seg opp før kampen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Hos marknadsavdelinga til MFK er svaret litt meir avbalansert, men dei skulle helst sett at salet gjekk raskare.

– No er vi på 5000 selde billettar, og det går gradvis oppover, seier Oddvar Talset.

– Kor fornøgd er de med det talet?

– Akkurat no skulle vi ønske at det var litt fleire, for vi har eit mål om 7.500.

Talset trur likevel at folk er klar over kor viktig denne kampen er, og han har tru på at det vil ta seg opp før kampen.

– Eg trur vi skal vente med å konkludere med at billettsalet er dårleg. Eg trur det kjem til å komme mykje folk.

– Ein semifinale betyr mykje og vi har fantastiske supporterar, så eg trur det vil ta seg opp.

Viktig for stemninga

ole gunnar solskjær

STEMNING: Manager, Ole Gunnar Solskjær, ser helst at det blir litt bråk og støtte frå tribunen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ole Gunnar Solskjær meiner det er viktig at stadion blir så full som mogleg.

– Det er jo dei beste kampane å spele, når du har litt bråk og støtte frå tribunen. Sjølvsagt er det det.

– Vi har ein stor og fantastisk stadion som treng folk for at det skal bli skikkeleg stemning, så vi håper at fleire kjem, seier Solskjær.