NRK Meny
Normal

Skuffa over at reiselivet ikkje vil samarbeide

Frank Sve frå Framstegspartiet er skuffa over at samarbeidet mellom reiselivsselskapa på Sunnmøre og i Nordfjord truleg ikkje blir noko av. Fleire store aktørar i Nordfjord er tvilande til ei samanslåing. Sve meiner det lovar dårleg med tanke på komunereforma:

Frank Sve

Frank Sve representerer Framstegspartiet på fylkestinget i Møre og Romsdal. Han er tidlegare ordførar i Stranda.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Tanken var eitt felles selskap for Reisemål Stryn & Nordfjord, Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen, og Destinasjon Ålesund & Sunnmøre. Det ser ikkje ut til å la seg gjennomføre, etter at fleire sentrale aktørar i Sogn og Fjordane har sett foten ned.

– Det er svært kjedeleg om vi ikkje får eit slikt samarbeid, seier Sve.

– Dette er eit samarbeid næringa verkeleg treng, og eg er uroa dersom nordfjordingane ikkje ønskjer å samarbeide med Sunnmøre.

– Vil slå uheldig ut for kommunediskusjonar

Han seier dette er eit dårleg utgangspunkt også med tanke på samtalar om å slå kommunar saman på tvers av fylkesgrensa.

– Eg er uroa for om det i det heile tatt er eit poeng i å gå vidare med samtalar om kommunesamanslåing av kommunar på Sunnmøre mot Nordfjord, dersom det er så lite interesse for å samarbeide med Sunnmøre.

Han seier poenget med å vurdere samanslåing, til dømes mellom Stryn, Hornindal og Stranda, er samarbeid om reiselivet.

– Dei bør tenke seg om ein gong til. Dett er viktige destinasjonar som vi treng å samarbeide om for å bli enda betre, seier han.