Orkesteret i fare?
Det er har vore eit mål for stortinget å ha profesjonelle musikarar også i distrikta. Operaen i Kristiansund fekk i si tid ekstraløyving for å løne dei 15 musikarane i Symfoniettan, men det var den gongen og ikkje no.
Difor har dei vore nøydde til å redusere talet til 13 musikarar. Auka utgifter neste år på ein halv million kroner gjer at operaen må kutte i drifta for å unngå å seie opp folk. Dette skuffar Karstensen.
Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum.
For lite til nynorsken
Heller ikkje Nynorsk kultursentrum, Ivar Aasen-tunet i Ørsta, smiler i dag. Dei har fått 7,2 millionar kroner, men dette dekker ikkje lønsveksten, og det blir difor inga auka satsing frå deira hald i året som kjem.
Like skuffa er direktør Ottar Grepstad over at stortingets framlegg om å etablere eit kompetansesenter for nynorsk i skulen i Volda ikkje blir følgd opp av regjeringa.