NRK Meny
Normal

Skrøvseth trekkjer seg

Ove Skrøvseth trekkjer seg som styreleiar i Surnadal Sparebank frå i dag. Grunngjevinga er omsynet til bankens omdømme.

Ove Skrøvseth
Foto: NRK

Då Skrøvseth var direktør i Svorka Energi, leigde han ut hytta si til selskapet. Forholda omkring dette blir etterforska, og derfor har Skrøvseth tidlegare søkt om permisjon frå styrearbeidet i banken.

Når Svorka-saka ved slutten av februar enno ikkje er avklara, har han kome til at han vil trekkje seg som styreleiar for ikkje å risikere at banken skal få eit negativt omdømme.

Ove Skrøvseth har vore styreleiar i Surnadal Sparebank i 8 år.