Klokka 10 onsdag 19. desember opnar Statens vegvesen tunnelen mellom Fressvika og Jordalsgrenda på riksveg 62.
Skredfarleg
Den nesten 5 km lange strekninga mellom Fressvika og Jordalsgrenda er smal og svingete, og har vore stengd av skred 39 gonger dei siste 30 åra. Skrøotunnelen skulle vore opna i juni, men sprekker i betongportalen i Jordalsgrenda gjorde at opninga blei utsett.
Opning i juni
No skal tunnelen vere open til skredsesongen er over. Så skal det avsluttande arbeidet med det problematiske inngangspartiet gjerast unna, og når det er ferdig i juni 2008, blir det stor opningsfest - eit år forseinka.
Forutan tunnelen omfattar Skrøo-prosjektet ca. 2 km ny veg i dagen, 400 meter gang- og sykkelveg i Jordalsgrenda og ny gangvegbru over Åfarelva.