NRK Meny
Normal

Skrinlegg planar om gigantfjøs i Stordal

Planane om å fylle den nedlagde møbelfabrikken Vad i Stordal med 1500 oksar, vert ikkje noko av.

Vad i Stordal

Det vert ikkje okseproduksjon i den nedlagde møbelfabrikken.

Foto: Remi Sagen

Etter at møbelproduksjonen i den tradisjonsrike møbelbedrifta Vad i Stordal vart lagt ned i 2013, har eigarfamilien prøvd å tenkje nytt. Dei ynskte å starte landets største produksjon av oksar og starta eit forprosjekt. Det vart løyvd 75.000 kroner frå Vekst i Stordal, men no blir midlane ført tilbake, skriv Storfjordnytt

– Forutsetnadane for å drive er ikkje til stades. Det finst ikkje nok oksekalvar, seier Håkon Vad i Vad Eiendom til NRK. Dermed vert prosjektet skrinlagt.

LES OGSÅ:

Sidan midten av 90-talet har om lag 400 arbeidsplassar innan møbel gått tapt i Stordal. Kommunen og næringslivet jobbar for å skape nye arbeidsplassar og i Stordal vart ideen om gigantfjøset tatt i mot med stor interesse.

Både Mattilsynet og Bondelaget var skeptiske til planane. Mattilsynet frykta smittefare i fjøset og Bondelaget var bekymra for gjødselmengdene.