Hopp til innhold

UDI stoppar ikkje planane om akuttmottak i Ålesund

UDI har valt å stoppe etableringa av nye akuttplassar for asylsøkarar. Det betyr likevel ikkje at planane om eit mellombels akuttmottak i Ålesund storhall blir lagt på is.

Sparebanken Møre Arena

STORHALLEN: Denne hallen kan bli ein ny mellombels heim for 500 asylsøkarar frå desember til august neste år.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing

Therese Bergwitz-Larsen

Presserådgivar Therese Bergwitz-Larsen i UDI.

Foto: Nora Lie

Måndag kveld kom nyheita om at UDI har bestemt seg for å stoppe etableringa av nye akuttmottak for asylsøkarar.

– På grunn av nedgangen i flyktningar som kjem til Noreg, har vi no stoppa etablering av akuttplassar. Det gjelder alle regionar. Dei akuttmottaka som er etablert etter at denne beskjeden kom, gjeld avtaler som allereie var inngått, seier Vibeke Schjem, presserådgivar i UDI til Lister24.no.

Presserådgivar Therese Bergwitz-Larsen i UDI seier til NRK.no at dette nødvendigvis ikkje vil ha noko å seie for planane om akuttmottak i Ålesund.

– Det er ingen konkrete planar om å skrinlegge mottaket i Ålesund per no, seier ho.

Får truleg ingen innverknad i Ålesund

Ålesund kommune har den siste tida vore i dialog med UDI om å opprette eit mottak i Ålesund. Akuttmottaket i Sparebanken Møre Arena skal etter planen bli eit mellombels mottak for inntil 500 asylsøkarar.

Styret i Ålesund Storhall AS i møte om å gjøre hallen til akuttmottak

Styret i Ålesund storhall brukte lang tid på å bestemme seg for om dei ville la kommunen gjere hallen til akuttmottak.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Rådmann i Ålesund Astrid Eidsvik, fortel at det ikkje er noko som tyder på at avgjerda til UDI vil ha innverknad på arbeidet med mellombels akuttmottak for asylsøkarar i Ålesund.

– Nei, den siste beskjeden vi fekk frå regiondirektøren i UDI er at avtalen med Ålesund kommune står ved lag, og vi arbeider ut ifrå det utgangspunkt at det skal bli eit mottak i Ålesund storhall, seier ho.

Konfliktfylt sak

Det har vore store usemjer etter at vedtaket om å etablere akuttmottak i Ålesund storhall vart kunngjort. Styremedlem har trekt seg og meinte at vedtaket var ugyldig. I tillegg vil Norges Bedriftsidrettsforbund i Midt-Norge vurdere om dei skal be om ei ny behandling av saka.

Astrid Eidsvik, rådmann i Ålesund

Rådmann i Ålesund Astrid Eidsvik trur ikkje at avgjerda til UDI vil påverke arbeidet med akuttmottaket i Ålesund.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Dei første flyktningane skal etter planen kome til Ålesund rundt 15. desember. Planen er å drive akuttmottak i hallen fram til august 2016.

Det er med andre ord ein del avtalar som må på plass før alt skal stå klart til å ta imot om lag 500 asylsøkarar.

– Vi er i midten av å forhandle om ein avtale både med Ålesund storhall og med UDI, så vi reknar å få det på plass i løpet av dei næraste dagane, seier Eidsvik.

– Har de gode alternativ dersom storhallen ikkje vert løysinga?

– Foreløpig så er det berre Ålesund storhall som vi arbeidar ut ifrå per i dag, seier Eidsvik.