Dei to jagarflya passerte knapt 100 meter frå småflyet i Geriangerfjorden. Arne Småge har vore flygar i 35 år, men har heldigvis aldri opplevd noko liknande.
Alvorleg
Småge var i Geiranger då eit F-15 jagarfly var nær på å flyge på han.
Småge ser to forklaringar på episoden. Småflyet kan ha blitt brukt som eit potensielt mål ved øving, noko som er relativt vanleg. I så fall hadde jagarflya full kontroll og det var ingen fare. Men Småge trur heller på den andre forklaringa, som er langt meir alvorleg. Han fryktar at jagarflya ikkje såg småflyet før dei var tett innpå han. I så fall var dei svært nær ein kollisjon.
Småge meiner episoden aldri ville skjedd dersom jagarflya hadde hatt kontakt med Ålesund lufthamn Vigra. Då kunne flygeleiinga gjere slik at flya hadde visst om kvarandre.
Dette er ei problemstilling vi ikkje har diskutert, seier avdelingsdirektør i Luftfartstilsynet, Jan Bengtson.