Hopp til innhold

Skremmer julebordsgjester med byens dårlegaste og dyraste "hotell"

Politiet ber deg tenkje nøye over kor dyrt julebordet kan bli, om du ikkje oppfører deg. Dei meiner alt for mange hamnar i fyllearresten no før jul, og truar med høge bøter.

Glattcelle i Sarpsborg

Hit vil politiet helst ikkje ha deg. Dei skryt ikkje verken av facilitetane, serveringa eller utsikta.

Foto: Magnus Brenna-Lund/NRK

Grå murveggar, ei tynn, gul plastmadrass og eit enkelt teppe til å varme seg under, er det som møter dei som hamnar i fyllearresten. Det finst verken vindauge eller vask. Politiet åtvarar no mot det dei kallar "byens dyraste og dårlegaste hotell".

Det er ein ganske kjip stad, det er fire glatte vegger der det er ein madrass og eit pledd, seier politistasjonssjef i Ålesund, Oddbjørn Solheim.

Les også politiet sine julebordstips:

Døgnpris på fleire tusen kroner

Julebordsesongen startar i slutten av november, og politiet er vande med at mange må overnatte i fyllearresten kvar fredag og laurdag dei neste vekene. Det ønskjer dei ikkje. I tillegg til at det er spartansk på cella, er opphaldet også dyrt.

– Det kjem an på sakens alvor, det kan resultere i ei bot mellom 2 og 10 000 kroner, eller ein alvorleg tiltale, som seinare kan medføre fengselsstraff, seier han.

Les også:

– Gratis alkohol er krevjande for mange

Lova seier at alle som er så rusa at dei uroar offentleg ro og orden eller er til fare for seg sjølv eller andre, kan setjast i arrest. Solheim trur at julebord med tilgang til gratis alkohol er spesielt krevjande for mange, og at folk som vanlegvis ikkje kjem på kant med politiet, kan få eit problem.

– Vi er ikkje først og fremst ute etter å vere moraliserande og sette opp ein peikefinger, men tenkjer førebyggande, seier Solheim.

Han ber difor folk om å passe på kvarandre på julebord, og dermed unngå ekstrarekninga med eit opphald i arrest.