Hopp til innhold

Skremde over at ørna drap kattungen deira

Simen Dalebø Kristensen (13) sørgjer tungt over å ha mist kattungen Lucy. Ornitolog seier vêret no er ideelt for kongeørna, og ber folk passe på kattane og hundane sine.

ff

Simen Dalebø Kristensen (13) og katten Lucy.

Inger Mari Dalebø kjem ikkje til å gløyme synet som møtte henne i bakkane ovanfor huset deira inst i Dalsfjorden i Volda tidlegare denne veka.

Etter å ha sleppt den ti månader gamle kattungen Lucy ut til lufting om morgonen, gjekk ho etter ei lita stund ut og leitte etter henne, då ho høyrde forferdelege hyl og skrik. Det neste ho såg var ei stor ørn som letta. På bakken låg katten igjen – død og ille tilreidd.

Inger Mari Dalebø

Inger Mari Dalebø gløymer truleg aldri synet av kattungen som truleg blei tatt av ørn tidlegare denne veka.

Foto: privat

Det var heilt forferdeleg. Det einaste eg håpte på var at det hadde gått fort, det var eit sjokk, seier Dalebø.

Tvilar ikkje på at det stemmer

Ornitolog Alv Ottar Folkestad ser ingen grunn til å tvile på at kattungen blei tatt av ei stor kongeørn. Han seier at det er fleire kongeørnar i Dalsfjorden, og at dei leitar etter byttedyr som er mellom eit halvt og eitt kilo tunge.

Kongeørna er ein notorisk kattejeger, slår Folkestad fast, når han får høyre kva som har skjedd.

Les også:

Trur ørna vil slå til igjen

Alv Ottar Folkestad på Runde

Ornitolog Alv Ottar Folkestad seier det er heilt vanleg at kongeørn tek kattar om vinteren. Han rår folk til å halde dyra inne, for å unngå at ørna tek dei.

Foto: Øystein Windstad

Folkestad trur ørna kan bli skuldig i fleire kattedrap i vinter. Han seier han kjenner til at rovfuglen tok ti huskattar i sunnmørsbygda Gursken i Sande ein vinter. Eit anna år forsvann like mange kattar på Haddal i Hareid, ikkje langt unna.

Storleiken på kattane gjer at dei er ideelle som bytte for havørna. I tillegg er det klare vêret med litt vind perfekt for rovfuglen.

– Det gjer at ørna har svært god manøvreringsevne, seier Folkestad.

Kongeørna er av dei største fugleartane vi har, og kan få eit vengespenn på opp mot 2,25 meter, ifølgje eksperten.

Rår folk til å halde kattane inne

Folkestad seier at folk bør passe på kattane sine, om dei vil unngå at ørna tek dei. Historier om at kongeørn har tatt babyar karakteriserer han som mytar, og seier rovfuglen ikkje får med seg bytte som er tyngre enn to-tre kilo.

Men kattar og små hundar er dermed i faresona, og dei bør ikkje gå fritt ute no, seier Folkestad.

– Desse må ein vere på vakt med. Det er gjort på ein augneblink å ta livet av ein slik liten krabat, seier Folkestad.

Les meir:

Vil passe betre på

Katten Lucy

Katten Lucy heime i stova i Dalsfjorden i Volda. Eigarane skildrar henne som snill, glad i folk og heilt spesiell.

Foto: privat

Inger Mari Dalebø seier ho eit lite sekund var redd for at ørna skulle angripe også henne. Yngstedottera på 11 år, som eigde kattungen, har blitt redd for å gå ut etter det som hende torsdag.

No ser dei likevel framover og har bestilt to nye kattungar frå den same mora som katten dei nettopp mista. Dei kjem til å bli passa ekstra godt på.

Lucy var heilt spesiell med eit utruleg godt lynne, veldig, veldig snill og glad i folk. No vil vi ha to nye kattar, og dei skal vi i alle fall passe på, seier ho.