Skredfare

Det er betydeleg skredfare i fjella på Sunnmøre, i Romsdal og i Trollheimen. Varsom.no melder om faregrad 3 på ein skala som går opp til og med 5. Ytterlegare temperaturauke gjer at skredproblem med våt snø flyttar seg litt oppover i fjellet til om lag 1000 moh. – Ver merksam på ferske nysnøflak i høgfjellet og vedvarande svake lag i snøpakka, skriv nettstaden.