NRK Meny
Normal

Skredet gjekk få meter frå hovudkraftline

Skredet ved Korsneset i Tafjord gjekk berre få meter frå ei av mastene på hovudkraftforsyninga frå kraftverket i Tafjord.

Skred i Tafjorden

Skredet har gått ved Korsneset i Tafjord. Det er ikkje veg på denne sida, og skredet har gått eit godt stykkje unna busetnad. Men hjortejegerar går ofte i området, og kraftlina går like ovanfor skredet.

Foto: Robert Wollmann

Kraftanlegga i Tafjord forsyner store deler av Sunnmøre med elektrisk kraft. Hadde skredet starta eit par meter høgare i fjellsida, kunne store delar av kraftforsyninga ha blitt råka.

– Det høyrdest ut som ein kraftig flydur, sa Robert Wollmann som såg skredet då det gjekk.

Han var raskt frampå med å fotografere området.

Akkurat no er fjorden full av skitt og rusk frå skredet, fortel han.

Skred Tafjord

Dersom du ser i øvste kanten av skredet, kan du sjå konturane av ei kraftmast. Det er svært kort avstand frå staden der skredet losna og til kraftmasta.

Foto: Robert Wollmann

Skredet gjekk onsdag ettermiddag. Skredhistorikar Astor Furseth bur like i nærleiken av dette området. Han anslår skredet til å vere 70–80 meter breitt og ca. 100 meter høgt. Også han har lagt merke til kor nær skredet har gått kraftlina.

Dette er så nær at lina må sjekkast, seier han.

Astor Furseth

Astor Furseth er ekspert på skredhistorie og har skrive ei rekkje bøker om emnet.

Foto: Terje Reite / NRK

Han er ikkje overraska over at det går skred akkurat i dette området. I fjordane er det jamt eit par skred i året av denne kategorien. Men kraftlina, og måten dette kjem til å bli synleg på, gjer det heile spesielt.

Dette kjem til å bli eit svært synleg landemerke i området. Skredløpet kjem til å bli kvitvaska og det blir lett synleg frå andre sida av fjorden, seier han.

Astur Furseth seier at lokalkjende har observert sprekker i fjellsida dei siste åra, og dei har frykta at noko kunne vere på gang.

Det har vore gjort eit arbeid med å rydde ein sti i dette området. Men arbeidet blei stoppa. Dei som arbeidde med stien kunne sjå at det var sprekker i fjellet. Og dermed blei arbeidet avslutta, seier Furseth.

Furseth stadfester at kraftlina som går heilt i skredkanten er den gamle hovudlina frå kraftanlegga i Tafjord. Der går også kraftline gjennom tunnelane og over Herdalen. Men lina som går i fjellsida ved Korsneset er den store, gamle hovudkraftlina frå Tafjord.

Ingen har til no meldt om at skredet har laga noko bølgje av noko slag. Alt tyder på at det er for lite til at noko slikt kunne oppstå.

Eg vil anslå dette skredet til å ha vore på 3000 kubikkmeter. Og vi må opp i 100.000 kubikkmeter før vi får flodbølgjer som gjer noko skade, seier han.

Det har vore kraftig regn i Tafjord dei siste dagane. Dette kan ha medverka til å løyse ut skredet.