Hopp til innhold

Skreddarsydde fiskeanlegg har gitt suksess

Skreddarsydde løysningar for fiskerinæringa har gitt kjempesuksess for teknologibedrifta Cflow i Sula. No treng dei fleire folk for å få unna den store arbeidsmengda.

Arnstein Johansen

Arnstein Johansen er administrerande direktør i Sula-bedrifta Cflow.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Det er gode tider for teknologibedrifta Cflow Fish Handling AS som produserer utstyr til fiskerinæringa. Bedrifta i Sula satsar på system som skal gi best mogleg kvalitet på fisk.

Omsetninga passerer ein kvart milliard i år, noko som er meir enn dobling frå fjoråret, og ordrane hopar seg opp.

– Eg vil seie at fiskeri og havbruk er framtida. Vi skal ha jo trygg og god mat, også i framtida, og eg trur at dei som driv med dette kjem til å få mykje igjen for pengane sine, seier Arnstein Johansen, administrerande direktør i Cflow.

Stor interesse

Alt som leverast er skreddarsaum, uansett kvar kundane finst i verda. Ideen er å levere utstyr som heile tida betrar kvaliteten på fisken. Så langt har dei lykkast sjølv om dei held til i eit høgkostland.

Cflow

Skreddarsydde løysningar for fiskerinæringa har gitt kjempesuksess for teknologibedrifta Cflow i Sula.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Det er mykje dyrare å produsere i Noreg enn i mange andre land, men vi har tenkt å halde fram med det så lenge vi kan. Dersom ein gjer det på ein riktig måte, kan ein selje gode løysingar til kven som helst, seier Johansen.

Dei starta i 2002 med tre mann. No er dei 48 i Langevåg, og omsettar for 250 millionar kroner. I tillegg har fire sunnmørsbedrifter fått arbeid som underleverandørar. Bedrifta treng fleire folk og det er mange som er interesserte.

– Eg får stadig nye e-postar, så pågangen er stor, seier Johansen.

Trur på vidare vekst

Til no har dei vore nesten heilt aleine i sin marknad, men kollapsen i oljenæringa kan føre til at fleire konkurrentar dukkar opp.

Men med 15 års forsprang og fokus på kvalitet trur dei likevel på vidare framgang for bedrifta i Sula.

– Vi vil noko med det vi held på med, og det er i alle fall plass til oss, seier Johansen.