Hopp til innhold

Skråsikre supportarar i Ålesund

AaFK vann cupen i 2009, Start har aldri spelt finale. I dag møtest dei to i semifinale, og supportarane trur på siger.

Start-supportere

GOD STEMNING: Start-supportarar er optimistar før semifinalen mellom AaFK og Start.

Foto: Remi Sagen / NRK

Luis Miguel, Petter André Paulsen og Lasse Aniksdal

START-OPTIMISTAR: Luis Miguel (t.v.), Petter André Paulsen og Lasse Aniksdal trur på siger til gjestane.

Foto: Torild Øvrelid / NRK
Aud-Karin Holberg

- VÅR TUR: Det trur Aud-Karin Holberg.

Foto: Remi Sagen / NRK
Erling Flatø

- ME HAR GOD TRU: Erling Flatø er ein av dei tilreisande Start-supportarane.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det er spent semifinalestemning i Ålesund torsdag kveld. Kampen mellom AaFK og Start kan bli ein thriller av ein fotballkamp. Sørlendingane har tapt fem semifinalar, og meiner no at det er deira tur å kome til Ullevaal.

- Vinner Start i kveld må me vere her å oppleve det, seier Lasse Aniksdal.

Saman med Luis Miguel og Petter André Paulsen sit han på restauranten Bocca i Ålesund og førebur seg på kamp saman med tilreisande frå supporterklubben Menigheden.

- Har trua

For mange kom på fly til Ålesund i dag tidleg og har hatt timevis med opplading på pub før den viktige kampen mot AaFK . Og sørlendingane er sikre på siger.

– Eg har berre forventningar til siger i dag, for no er det vår tur endeleg, fortel Aud-Karin Holberg.

– Det er mange som forventer at me ikkje skal vinne, men me har god tru. Eg kan ikkje seie at Aalesund er eit lag i god form heller, seier Erling Flatø.

Video Før semifinalen

STOR STEMNING: Supportarar frå begge leire trur på siger i semifinalen.

Eva Jørgensen

- FRYKTELEG SPENT: Det seier Eva Jørgensen.

Foto: Remi Sagen / NRK
Ronny Myre

- ME ER BETRE ENN START: Det meiner AaFK-supportar Ronny Myre.

Foto: Remi Sagen / NRK
Jarl Sandnes og Jack Voldsund

OPTIMISTAR: Jarl Sandnes (t.v.) og Jack Voldsund trur på AaFK-siger.

Foto: Torild Øvrelid / NRK
Måker i magen

Medan regnet høljar ned har AaFK supportarane søkt ly på ein annen pub. Dei har også trua på siger i kveld og finale på Ullevaal.

– Eg er fryktelig spent. Eg har ikkje sommerfuglar, men måkar i magen. Eg håper at me vinn, og det blir deilig å kome på Ullevaal igjen, seier Eva Jørgensen.

– Eg trur me kjem til Ullevaal. Me har vore betre enn Start i år, me har heimebane og det er eit ver som passer Aalesund bra, seier Ronny Myre.

Varmar opp i regnet

- Me vinn 3-1, tenkjer eg.

Orda kjem frå Jarl Sandnes. Saman med andre AaFK-supportarar varmar han opp til kampen på Tollboden i Ålesund.

- Me må vere aggressive frå Start, og presse høgt. Start har treige midtstopparar, så der tek me dei nok. På kunstgras er AaFK betre, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL