Hopp til innhold

Skot slo ned i småbåthamn

Politiet opprettar sak mot ein mann som skaut på blink ved Sjøholt sentrum eint i ettermiddag. Sju skot slo ned i småbåthamna på Sjøholt, og politiet melder at det mest truleg dreiar seg om bruk av luftvåpen. Det var personar i området ved småbåthamna, som melde frå til politiet. Dei rykte straks ut, og har no teke våpenet frå mannen, og opprettar sak mot han.