Det blei skote mot dette huset i Kristiansund. Foto: Roar Strøm, NRK
Det var ein person tilstades i husværet det vart skote mot.
Det fortel politiadvokat ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt Gro Smogeli.
Politiet sette torsdag kveld i gong ein væpna aksjon og pågreip seks personar dei trur står bak.
Dei seks, fem menn i 20-års alderen og ei jente på 19 år, oppheldt seg i eit anna husvære i nærleiken.
Oprasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt, Jacob Thingvold, seier dei fekk melding om fleire smell som kunne tyde på at våpen var brukt.
Thingvold seier politiaksjonen var vellukka og ingen blei skadd.
- Pågripinga skjedde utan dramatikk, seier Thingvold.
Dei pågripne sit i avhøyr, og politiet kan ikkje seie noko kvifor skota blei avfyrde, og kva våpen som er brukt.
Aksjonen blei avslutta like før klokka 01.00 i natt.