Hopp til innhold

– Rusarbeidet på skulen er avgjerande for at eg framleis kan drøyme om ein karriere som gourmetkokk

Mange hugsar framleis Magnus Wattø frå Ålesund som kriminell og rusmisbrukar. Men dette har han lagt bak seg. I dag takkar han skulen med det konsekvente arbeidet mot rus for at draumen om å bli gourmetkokk framleis får leve.

Magnus Wattø

Magnus Wattø er på god veg til å bli kokk. No er han elev ved Borgund vidaregåande skule, ein spydspiss i arbeidet mot rus.

Foto: Merete Streitlien

Magnus Wattø er på god veg til å bli kokk. Draumen er å gjere det bra som gourmetkokk på ein velrenommert restaurant. Tilfeldigheitene gjorde at han fekk skuleplass på Ørskog vidaregåande skule. Det har ført han til kokkestudiar på anerkjente kjøken både i Italia og Frankrike. Skulen har vore med på å hjelpe han vekk frå livet han levde som kriminell og med rus.

Magnus Wattø

Magnus Wattø har valt å fortelje heile historia si. – Det er like greitt at eg skal fortelje alt, enn at det skal gå mykje rykte, seier han.

Foto: Terje Reite / NRK

– Eg sto vel bak fleire av nyheitene på lokalradioen for nokre år sidan. Eg var på begge sider av lova, eg var berykta og til tider ganske tungt kriminell. Det vart ganske mykje ein periode, på 90-talet, fortel Magnus Wattø.

– Eg blir sett som menneske

Han har lagt livet som kriminell og rusbrukar bak seg. Det stadfester også politiet overfor NRK. Han er blitt far og har sambuar. Også resten av familien inspirerer han til å halde seg på den rette sida av lova. Og han gjev skulen med det konsekvente arbeidet mot rus mykje av æra for at dette går rette vegen.

Elisabet Simahaug Halvorsen

Elisabet Simahaug Halvorsen er avdelingsleiar for elevtenestene på Borgund vidaregåande skule.

Foto: Terje Reite / NRK
Jessie Strand Fagervoll

Jessie Strand Fagervoll er rektor ved Borgund vidaregåande skule i Ålesund.

Foto: Terje Reite / NRK
Skulevakt Borgund

Skulevakt Odd Magne Godø slår ofte av ein prat med elevane på skulen.

Foto: Terje Reite / NRK
Yngve Brathaug

Yngve Brathaug er elevrådsformann ved Borgund vidaregåande skule.

Foto: Terje Reite / NRK
Marit Hognestad

Marit Hognestad er avdelingsdirektør for læringsmiljø og rådgjeving i Utdanningsdirektoratet.

Foto: Utdanningsdirektoratet

Eg vil gje mykje av æra til avdelingsleiaren ved skulen. Ho har vore heilt unik når det gjeld oppfølging og å vere medmenneske. Her slepp eg å vere redd for å bli merka og stigmatisert. Her har eg blitt sett som menneske, og ikkje berre som ein med narkotikaproblem og ei kriminell fortid, seier Wattø.

Ein føregangsskule

Borgund vidaregåande skole valde for nokre år sidan å gå løpet heilt ut. Dei ville ta kravet om at skulen skal vere ein rusfri arena på alvor. Dei har ikkje berre vedteke planar for ein rusfri skule. Dei har også laga eit system med prosedyrar for korleis skulen skal opptre når dei har mistanke om at elevar rusar seg.

– Her ved skulen har vi kome ganske langt i å lage eit system for dette arbeidet, seier avdelingsleiar Elisabeth Simahaug Halvorsen.

– Tek rusfri arena på alvor

Skulen har laga eit tett regime rundt arbeidet mot rus. Opplegget byggjer på samtalar og avtalar med elevane. Ved mistanke om rus kan skulen ta urinprøve og spyttprøve av elevane. Det er tilsett vakt ved skulen. Når elevar rusar seg, blir det gjennomført tryggleiksvurderingar kring elevane. Ved bruk av HMS-reglar kan elevar bli stengde ute frå verkstader, praksisarbeid og prøver.

– Vi vil ta målet om skulen som ein rusfri arena på alvor. Og vi ser at vi klarer å hjelpe mange elevar med dette. Det skal vere trygt og godt å gå på skulen vår, seier rektor Jessie Strand Fagervoll.

Fagervoll fortel at om lag 30 elevar testar positivt på rusmiddel kvart år ved skulen. Ho trur likevel ikkje at skulen hennar har meir rusproblem enn andre skular i Noreg.

– Det er alltid ein fare for at vi skal få eit stempel på skulen vår. Det er ikkje meir rus her enn andre stader. Forskjellen er berre at vi har systematisert arbeidet vårt på ein måte som også gjev konsekvensar, seier Fagevoll.

Brukar HMS-reglar


Leiinga ved Borgund vidaregåande skule meiner dei får for lite støtte i arbeidet mot rus ved skulen. Det fins i dag ikkje eintydige retningsliner for korleis ein skule skal handle om elevar rusar seg. Skulen har dermed teke i bruk regelverk frå «Helse, miljø og sikkerheit», det ein kjenner frå arbeidslivet som HMS-reglar.

– Vi må bruke dei same reglane som i arbeidslivet. Har vi ein mistanke om rus, må vi gjennomføre tryggleiksvurderingar. Vi bed elevane om å vere med på ein frivillig rusavtale. Når ein slik avtale er signert, kan vi gjennomføre rustestar. Vi kan ikkje sende elevar i praksis, for eksempel på ein helseinstitusjon, utan at vi er trygge på at dei ikkje går inn i dette med ein rusproblematikk i bagasjen, seier Strand Fagervoll.

Informasjon – ikkje razzia

Stortinget sa i mai nei til at politiet skal ha høve til å leiteaksjonar etter narkotika på skulane. Elevane må framleis gje skriftleg samtykke til at politiet kan kome med til dømes narkohund for å leite etter rusmiddel.

Vedtaket i Stortinget forandrar ikkje på noko i forhold til vårt arbeid. Om politiet skulle kome for å undersøkje noko her hjå oss, må det uansett skje på konkrete mistanke og vere godkjent, seier Fagervoll.

Ingen sentral plan for arbeidet

Det fins heller ikkje nokon sentral plan for korleis skulane skal handtere vanskelege situasjonar når elevar rusar seg. Men Utdanningsdirektoratet og Helsedirektoratet er i ferd med å utarbeide retningsliner for korleis arbeidet mot rus kan gjerast til ein del av undervisninga.

– Skulen må gjennom eit langsiktig og kunnskapsbasert arbeid kome fram til eit godt læringsmiljø som omfattar alle elevane. Rusproblematikken må takast opp i undervisninga, og knytast til kompetansemål i dei ulike faga. Når ein klarer dette, oppnår ein både betre resultat, mindre mobbing og mindre rusproblematikk, seier avdelingsdirektør Marit Hognestad til NRK.

– Skulen har først og fremst ei førebyggjande oppgåve, men kan i arbeidet med rusproblematikken inngå samarbeid med andre etatar, seier avdelingsdirektøren.

– Rus blir ikkje statistikkført

Borgund vidaregåande skule er ein stor skule. I underkant av 1000 elevar startar her når skuleåret tek til. Som på alle skular er det litt fråfall i løpet av skuleåret. I det norske skulesystemet veit ingen kor mange som sluttar på grunn av rus. Det blir ikkje ført statistikk.

Vi tek likevel ei oppteljing kvart år. Oppteljinga viser at 2,5 prosent av elevane sluttar på grunn av forhold som er relaterte til rus. Men vi fryktar det kan vere store mørketal. Fleire som er registrerte under feilval og sjukdom kan ha rusproblem utan at nokon i den norske skulen har oversyn over dette, seier Strand Fagervoll.

Dei siste åra har det vore stort fokus på at svært mange ungdommar droppar ut av skulen. Det er også organisert ei eiga oppfølgingsteneste som skal hjelpe desse ungdommane tilbake til skulebenken.

Jessie Strand Fagervoll trur at mykje av fråfallet skuldast rusrelaterte problem. Men det er umogleg å seie kor mange dette gjeld. For det blir ikkje ført statistikk over dette.

– Nei, det blir ikkje statistikkført. Og alt arbeidet vi gjer for å halde skulen rusfri baserer seg på fri vilje frå elevane si side. Dermed er dette eit svært vanskeleg arbeid, seier Strand Fagervoll.

Men det er vel få som frivillig vedgår at dei har narkotikaproblem?

– Det er sjeldan at nokon vedgår at dei har brukt narkotika utan at vi sit med konkrete bevis. Først når vi har klare prov, gjerne gjennom urinprøve, blir korta lagt på bordet, seier Strand Fagervoll.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Har tilsett skulevakt

Borgund vidaregåande skule er ein av få vidaregåande skular i Noreg som har tilsett vakt på skulen. I ein periode var det eit problem at uvedkomande kom til skuleområdet, truleg for å selje rusmiddel eller å krevje inn pengar. I denne perioden var mange elevar også på vandring ute på tidspunkt då dei skulle vere inne i timen til undervisning.

– Vi ser at mykje av trafikken frå uvedkomande er borte no. Det har også blitt meir ro på skulen etter at vi tilsette vakta, seier rektor Jessie Strand Fagervoll.

Til å byrje med var vakta innleigd frå eit vaktselskap. No er vakta tilsett på skulen, og det er ein, fast person som har denne stillinga. Det set elevane pris på.

Elevane opplevde nok situasjonen som veldig, veldig merkeleg i byrjinga. Plutseleg kom her innleigde, uniformerte vakter. Men det er bra slik det fungerer no. Skulevakta er berre hyggjeleg og han passar på oss, seier elevrådsformann Yngve Brathaug.

– Ein ekstra vaksenperson

Skulevakta legg stor vekt på at han skal ha ei sterk vaktrolle. Det gjev ham armslag til å møte elevane på eit mellomenneskjeleg plan.

– Det er ei stor utfordring. Først og fremst er eg ein ekstra vaksenperson i skulekvardagen. Eg arbeider i grenselandet mellom å vere vakthaldar på den eine sida, og rettleiar og trøystar på den andre, seier skulevakt Odd Magne Godø.

Sjølv om Godø går i skulemiljøet i stram uniform, lyser ansiktet hans opp med eit smil der han går blant elevane. Frå avstand kan vi sjå at han i samtalar med elevar, og vi ser at han møter respektfulle nikk frå elevar han møter.

Men Godø legg stor vekt på at sosialarbeidaren og den venlege vaksenpersonen har ein sterk og tydeleg vaktfunksjon.

– Vaktfunksjonen må vere sterk. Det er basisen. Men eg legg stor vekt på å sjå kvar einskild i skulekvardagen. Av og til kan eg formidle ting til skuleleiinga sett frå elevane sin synsvinkel. Av og til får eg høyre livshistorier som kan setje enkelte situasjonar i perspektiv, seier Godø.

– Etterlyser støtte

Leiinga ved Borgund Vidaregåande skule ønskjer at dei skulle få klarare signal om kva metodar som skal brukast i arbeidet mot rus i skulen. Dei meiner dei har fått gode resultat av arbeidet.

– Vi brukar mykje tid på desse elevane. Og lærarane veit at det krev mykje tid og ressursar til å følgje dei opp. Då trengst det klare signal, eit system og eit apparat som støttar opp om arbeidet, seier rektor Jessie Strand Fagervoll.

Arbeidet som Borgund vidaregåande skule har nok ført til at namnet på skulen er blitt kopla til ordet rus. Leiinga ved skulen fryktar at koplinga skal bli ståande og at skulen på ein måte skal bli stigmatisert. Difor er dei påpasselege med å presisere at det ikkje er noko større rusproblem ved denne skulen enn ved andre skular.

– Vi har aldri hatt meir rusproblem enn nokon som helst annan skule. Men vi ønskjer å ta tak i dette. Vi er ikkje naive og trur at vi har fjerna all omsetnad og all bruk. Vi må rekne med at nokre har tilpassa seg vilkåra for denne aktiviteten.

– Men kva resultat ser de?

– Det er langt mindre aktivitet av seljarar. Færre elevar vandrar rundt utan å vere aktive i timane. Det er mindre forseintkoming. Faglege resultat er betre. Talet på røykarar har gått ned. Då får vi tru at også talet på dei som røykjer hasj har gått ned, seier Fagervoll.

– Er svært takksam

Magnus Wattø byrja å ruse seg som 17-åring. Då var han på alder med dei fleste han går på skule saman med i dag. No er han på det andre året som rusfri, og er svært takksam.

Eg har bygt opp ein sterk indre motivasjon til å halde meg rusfri, seier Wattø.

– Men trur folk på at du no har vald ein annan veg?

– Eg fekk høyre at foreldre til medelevar har vore skeptiske til at eg skulle vere elev her. Men eg har fått forklare at eg har lagt rusen bak meg og at eg no berre fokuserer på å nå måla mine.

– Korleis opplever du å bli teken prøve av?

– Å bli kontrollert er ikkje noko problem, sjølv om dei kjem umeldt. Eg har jo lyst til å halde meg rusfri. Eg vil gjerne vise både meg sjølv og andre at eg står for det eg gjer og at eg er ærleg.

– Kva om skuleleiinga berre snudde ryggen til?

– Det hadde ikkje vore bra. Det var viktig at dei reagerte. Eg følte eg blei sett. Av og til er rus ein måte å be om hjelp på og ein måte å vise at ein ikkje har det så frå. Det er aldri godt å kjenne på at ingen bryr seg. Her fekk eg ein ny sjanse, seier Wattø.

– Vil bli gourmetkokk

Magnus Wattø går på ein skule, som på mange måtar har ei streng og konsekvent line i forhold til rus. Det er eit regime med kontrollar og klare følgjer om reglane blir brotne. Men skulen legg også vekt på at ein skal sjå kvar einskild elev som einskildmenneske.

Det er kokk Magnus Wattø vil bli. Og ikkje kva som helst kokk. Helst vil han arbeide med høgkvalitetsmat på ein velrenommert restaurant. No i påska er han på studietur i Bretagne.

Eg var i Italia i fjor og vi er i Bretagne i Frankrike no i påska. Det er veldig lærenyttig og fint å få erfaring rundt mattradisjonar i utlandet. Og det er godt å vite at eg får vere med på dette fordi eg gjer det godt på skulen. Det gjer noko med deg når du får positive tilbakemeldingar frå ein god italiensk kjøkensjef.

– Kva har det gjort med deg?

– Heile prosjektet har gjeve meg meir sjølvtillit. Eg har gått på skule før, utan å vite kva eg ville. No er eg blitt veldig målmedviten. Eg er blitt meir moden. For første gang i livet har eg sett av tid til å gjere lekse, seier Magnus Wattø med eit stolt smil.