NRK Meny
Normal

Skogvern er attraktivt

Stadig fleire skogeigarar i Møre og Romsdal vil verne skogen sin frivillig.

I Møre og Romsdal er berre 43 kvadratkilometer med verdifulle skogområde verna og det er godt under landsgjennomsnittet.

Rådgjevar i Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen, Kjell Lyse, seier det er godt betalt om skogen din blir naturreservat.

I tillegg slepp ein inntektsskatt av erstatninga.