Skodda har ført til store problem tidlegare i dag, men ved Molde Lufthamn Årø har fly kunna tatt av også tidlegare i dag.
Ved ti-tida letta også eit fly frå Kristiansund Lufthamn Kvernberget, og begge stader blir det rekna med at trafikken no kan gå som normalt.
Ved Ålesund Lufthamn Vigra er det venta eit fly ved 11.30-tida, men det vil truleg ta noko tid før trafikken er i rute igjen.
Ved Ørsta Volda Lufthamn Hovden har skodda ikkje skapt problem.