Skodde gjorde truleg at ein far og son frå Trøndelag, i 50-åra og 20-åra, brukte meir tid på turen enn planlagt.
Dei blei meldt sakna rundt midnatt, men kom til rette i god form i fem-tida.
Og fire forskarar frå England, Canada og Sveits måtte overnatte på ei fjellhylle i Strandafjella i natt, men dei klarte å ta seg ned i åtte tida.
Dei blei frakta opp på fjellet i går, for å teste ut eit målepunkt, i samband med rasovervaking.
Forskarane kunne ikkje hentast ned igjen i går, på grunn av tett skodde.