Hopp til innhold

Kommunane får skjønsmidlar etter orkanen Dagmar

Kommunane på Vestlandet fikk store utgifter under orkanen Dagmar i romjula 2011. No får kommunane fleire millionar kroner frå staten.

Dagmars herjinger - fra Reknes i Molde

Slik herja Dagmar i Molde. No har kommunane fått skjønsmidlar til å dekkje utgiftene.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Det er dei orkanramma kommunane i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som får pengane. Til saman er det snakk om 27,9 millionar kroner.

– Mange kommunar i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal blei hardt råka av ekstremvêret Dagmar i romjula i fjor. Dei har fått store uventa utgifter på grunn av dette. Difor vil dei få ein kompensasjon knytt til dei akutte ekstrautgiftene til kommunal infrastruktur i samband med uveret, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Det er ikkje første gongen kommunane får pengar som følgje av utgiftene etter Dagmar-orkanen. Tidlegare har Kommunal- og regionaldepartementet betalt ut skjønsmidlar i kompensasjon til fylkeskommunane etter Dagmar. No får kommunane i dei hardt råka fylka også utbetalt kompensasjon.

Praksis i saker der kommunar søkjer om skjønsmidlar i samband med naturskade, er at departementet dekkjer halvparten av utgiftene.

Dersom kommunen eller fylkeskommunen har meirutgifter ut over 250 kroner per innbyggjar etter at departementet har dekt halvparten, dekkjer departementet i tillegg det overskytande beløpet.

Dei kommunane som blei hardast råka, får difor høgare kompensasjon enn andre.

Dagmar-kompensasjon Møre og Romsdal

Kommune

Kompensasjon

Molde

1 743 998,-

Ålesund

3 300 000

Sande

  789 000,-

Volda

1 896 017,-

Ørsta

  580 375

Ørskog

  188 657,-

Norddal

1 019 965,-

Stranda

1 137 475,-

Stordal

1 119 193,-

Sykkylven

1 147 290,-

Giske

  433 075,-

Nesset

  314 725,-

Sunndal

  525 000

Surnadal

  580 000,-

Ekspander/minimer faktaboks

Dagmar-kompenssjon Sogn og Fjordane

Kommune

Kompensasjon

Flora

1 258 406,-

Høyanger

  682 078,-

Balestrand

    81 770,-

Leikanger

1 371 700,-

Aurland

   344 273,-

Lærdal

    425 685,-

Årdal

    291 332,-

Luster

    315 493,-

Førde

    658 781,-

Bremanger

    403 678,-

Selje

1 368 887,-

Eid

1 291 189,-

Hornindal

      82 096,-

Gloppen

   561 900,-

Stryn

   411 146,-

Ekspander/minimer faktaboks

Dagmar-kompensasjon Hordaland

Kommune

Kompensasjon

Jondal

   310 930,-

Odda

   351 881,-

Ullensvang

1 222 670,-

Voss

1 682 711,-