Normal

Skjerpar siktinga til forsettleg drap

Politiet skjerpar siktinga i Spjelkaviksaka til forsettleg drap for ein av dei fire sikta.

Åsted ålesund dødsfall

Ein 35 år gammal mann vart funnen drept i denne bustaden i Spjelkavika i slutten av oktober.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Onsdag vart to av mennene framstilt for fire nye veker i varetekt med to veker i fullstendig isolasjon, skriv politiet i ei pressemelding.

Tre menn er tidlegare sikta for mordbrann, medan ei kvinne er sikta for medverknad til lekamsskading med døden til følgje.

Inger Myklebust Ferstad

Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad.

Foto: Synnøve Hole

Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad vil ikkje seie noko meir enn at siktinga er utvida fordi personen er involvert i eit drap. Men fortel til NRK at dei vil halde dei sikta i isolasjon fordi dei er redde for at bevis kan bli øydelagd.

– Dei sikta kan øydelegge bevis viss dei har kontakt med omverda, seier politiadvokaten, og legg til at det er spesielt viktig i ei så alvorleg sak.

Etterforskar for fullt

Ferstad seier at dei vil halde korta tett til brystet på grunn av etterforskinga.

– Vi jobbar framleis med vitneavhøyr og avhøyr av dei sikta, og også innhenting av teknisk informasjon frå telefonar og datamaskiner.

Torsdag 20. november vert den tredje av mennene framstilt for fire nye veker med to veker fullstendig isolasjon. Kvinna vert framstilt for to nye veker med brev og besøksforbod dagen etter.

– Alle dei fire har til no vore sikta for lekamskrenking med døden til følgje. Ein av mennene får no si sikting skjerpa til også å gjelde forsettleg drap. Mennene er også frå før sikta for mordbrann, seier politiadvokat Inger Myklebust Ferstad.