Hopp til innhold

Skjerpar reglane

Glitnir privatøkonomi skjerpar reglane etter at ein tilsett som også var kasserar i eit sokneråd, rådde kyrkja til å la banken hans investere ein halv million kroner.

Penger
Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Administrerande direktør i banken, Johan Solbu Braathen seier at tillitsverv blant tilsette heretter må bli godkjent frå høgste hald.

- No må dei tilsette henvende seg til meg for å få godkjent framtidige tillitsverv, seier Braathen.

Visste ikkje om dobbeltrolla

I desember plasserte Soknerådet på Ellingsøy 500.000 kroner i tyske og franske eigedomsfond gjennom Glitnir Bank. Det var den avtroppande kasseraren som kom med tilrådinga, og soknerådsmedlemmane seier at dei ikkje visste at han var tilsett i banken.

Johan Solbu Braathen beklager saka og seier at reglane for rådgivarane i banken heretter blir skjerpa.

- Regelverket blir skjerpa. Generelt er vi strenge på dette, men hadde sett for oss at å vere frivillig i sokneråd eller i idrettslag ikkje kunne by på problem. Men no har vi fått oss ein lærepenge, seier Braathen.

- Vis varsemd

Professor i etikk og økonomi, Alexander Cappelen, seier at banktilsette må få engasjere seg på fritida, men må vise varsemd.

- Viss ein kjem i ein slik situasjon der ein ikkje kan unngå dobbeltrolle, så bør ein opplyse om dette, seier han.