Skjerpa reglar i Vestnes

26 nye smittetilfelle i Vestnes denne veka gjer at Vestnes skjerpar smittevernreglane. Det betyr forbod mot arrangement, skjenkestopp av alkohol, stenging av blant anna treningssenter og påbod om bruk av munnbind. 24 av dei smitta tilhøyrer skipsverftet Vard Tomrefjord. Verftet held stengt og arbeidarane skal vere i karantene fram til dei har tatt test på dag 3 og 7. Smittevegen er framleis ukjent, opplyser Vard.