Hopp til innhold

Skjerpa dekk-krav for tunge køyretøy

Frå i dag av vert krava skjerpa for vinterdekka til tunge køyretøy som skal køyre på norske vegar.

Harald Ørjavik

Harald Ørjavik i transportselskapet Atlantico ønsker dei nye krava til mønsterdjupn på tunge køyretøy velkommen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

1. november og vinteren kryp nærare og nærare. Det er alt blitt glattare på vegane, og frå i dag av vert krava til mønsterdjupn på dekka på tunge køyretøy skjerpa. Djupna skal no vere minst fem millimeter.

– Berre positivt

For transportselskapet Atlantico med vel 15 tunge køyretøy, og halvparten av desse for langtransport, så er det viktig å kome fram raskt og trygt. Derfor brukar Atlantico mykje pengar på å sko køyretøya med.

– Vi gamblar generelt sett ikkje på dekk. Det har med sikkerheita til han som køyrer og dei som møter bilane på vegen, seier driftssjef Harald Ørjavik.

Ørjavik, som også er nestleiar i lastebileigarforbundet i Molde og omland, er glad for dei nye skjerpa krava.

– Eg har berre positive tankar fordi det er på tide at kravet kjem, seier han.

– No håper eg at det vert kontrollert, og at alle vert kontrollert like mykje. Eg trur ikkje dei norske lastebileigarane gamblar på dekk, legg han til.

Store tal på manglar

Dessverre står det ikkje berre bra til med dekkstandarden til verken norske eller utanlandske køyretøy, fortel avdelingsdirektør Kjell Ramstad i Statens vegvesen region Midt.

– Det er nok ein heil del å hente på det. Det er mykje bra, men likevel altfor store tal på manglar, seier han.

No har vi berre statistikk for vintersesongen 2012 og 2013. Då var 16 prosent av dekkutrustinga på tunge tilhengarar til utlendingar ikkje eigna for det føret dei køyrde på, seier han.

– Det tilseier at det må gjerast drastiske grep.

– Er det store forskjellar på norske og utanlandske vogntoga?

– Ja, og spesielt tilhengjardekk. Når det gjeld tilstanden elles, så er det ein del av dei norske som får bruksforbod og må ordne ting før dei får køyre vidare, seier Ramstad.

– Ikkje noko å spare på

Ørjavik seier det er både betre og meir lønnsamt å investere i skikkelege dekk enn å la vere.

– Eit uhell kostar enormt. Det kan ha store konsekvensar på mange måtar, så det er ikkje noko å spare på å køyre på dårlege dekk, seier Ørjavik. – Den gevinsten trur eg ikkje noko på.

– 750 kroner i gebyr for å køyre med for dårlege dekk. Det er ikkje akkurat avskrekkande?

– Nei, det er det ikkje. Dekk kostar pluss minus 5000 kroner, så det er klart at du kan ta nokre bøter i staden for å kjøpe eit dekk dersom det er så låge gebyr som det er. Det er for lite, det er heilt klart, seier Ørjavik.

Ramstad i Statens vegvesen kan vere einig i at gebyret er for lågt.

– Storleiken på gebyret er politisk bestemt, så det skal eg ikkje seie så mykje om, seier han, men legg til at totalsummen fort kan bli stor for dei som bryt krava.

– Blir mange nok dekk som ikkje har tilfredsstillande mønster, så gjeld desse 750 kronene per dekk, seier han.

Vil ha same krav for tilhengar

Sjølv om både trekkvogn og tilhengar skal ha fem millimeter mønsterdjupn etter dei nye reglane, er det framleis ikkje påkravd at tilhengar må ha vinterdekk. Det synest ikkje Statens vegvesen er godt nok.

– Heilt klart, vi ønskjer same krav for tilhengarar som trekkvogna, men per i dag er det ikkje vedteke av Samferdselsdepartementet. Det jobbast intenst for å få dette inn for neste år, seier Ramstad i Statens vegvesen.

– Det er vesentleg, for når ein tilhengar skal bremse på dårleg underlag, så vil tilhengaren slenge ut til sida og treffe møtande køyretøy, seier han.

Ørjavik i Atlantico er einig i at det også er viktig med sikre dekk på hengaren.

– I dei fleste ulukke så er det slik ein har fått sleng på hengaren, og då er det livsfarleg. Det har vi sett også, seier Ørjavik.