NRK Meny
Normal

MFK går inn i ei skjebneveke

For å henge med i gulljakta må Molde FK vinne både mot Vålerenga på heimebane laurdag, og mot Rosenborg neste helg. – Det er ei viktig veke, seier MFK-spelar Nyland.

For å henge med i gulljakta må Molde FK vinne både mot Vålerenga på heimebane laurdag, og mot Rosenborg neste helg.

MFK går inn i ei skjebneveke, og dei må vinne kampane både denne og neste helg for å henge med i gulljakta.

– Viss me skal henge med så må me vinne alle kampane og ta alle poenga, seier Ørjan Håskjold Nyland på Molde FK.

MFK har ikkje fleire poeng å miste, og Nyland må halde målet reint når Vålerenga kjem til Aker Stadion i Molde i morgon.

– Først får me ta utfordringa mot Vålerenga. Det blir ein tøff kamp, men me satsar på at me tar dei, seier Nyland.

Må vinne

Veka dei blåkvite no går inn i blir ei skjebneveke der dei må vinne både mot Vålerenga og mot Rosenborg, og skal dei henge med i cupen må dei også slå Kvik Halden neste veke.

Tor Ole Skullerud

Tor Ole Skullerud innrømmer at noko kunne vore gjort annleis i første halvdel i sesongen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Med ein fjerdeplass på tabellen innrømmer hovudtrenar Tor Ole Skullerud han kunne gjort noko annleis i første halvdel av sesongen

– Me kunne gjort det annleis, men om me kunne gjort det veldig mykje betre får me svare på litt seinare. Eg trur alle forstår at å følge opp det me gjorde i fjor er ei tøff utfordring, seier Tor Ole Skullerud.

– Me er framleis med i cupen, framleis med i tippeligaen, og me skal ut og spele Europa-cup, så me har alt å spele for herfrå og ut, seier han.

– Me veit kor gode me er

Halvvegs i serien har ikkje det doble gullaget vist dei same taktane som i fjor, og skal Molde henge med i jakta på seriegullet denne sesongen må dei vinne kampane sine. Trua har dei har dei i alle fall ikkje mista.

– Sjølvtilliten er det ikkje noko å seie på, for me tok trass alt dobbel her i fjor, seier Nyland.

– Me veit kor gode me er, så det handlar eigentleg berre om å få det ut, seier han.